Hopp til innhold

Kan kome opp mot ein halvmeter snø

Romjulsvêret byr på kraftig vind og mykje nedbør i sør og sørvest. På Austlandet kan skifolket glede seg til godt påfyll av snø, mens nordlendingane får det rolegaste julevêret.

Mann måker snø

I Rogaland kan det kome opp mot 50 mm nedbør, heilt ned til 100 meters høgde. Spørsmålet er om Kjell Ove Høgstø i Sandnes må ut å måke igjen eller om all nedbøren kjem som regn.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Eit kraftig lågtrykk er på veg inn over Sør-Noreg i kveld. Om du vaknar opp på Austlandet i morgon må du ut med brøyteskuffa.

– Det kan kome opp mot 30 centimeter snø i Austlandsområdet 2. juledag, fortel vakthavande meteorolog, Rafael Escobar Løvdahl.

Og blir det slik det ser ut nå, kan det kome opp mot den same snømengda på torsdag.

– Blir ugreitt i Rogaland

På Meteorologisk institutt har dei klødd seg i hovudet i dag, fordi det er vanskeleg å melde nøyaktig kor snøgrensa vil gå over heile Sør-Noreg.

Laster Twitter-innhold

Om akkurat du vaknar opp til snø, sludd eller regn kjem an på om du hamnar på sørsida eller nordsida av lågtrykket.

I Rogaland vil det vere spesielt stor variasjon på snøgrensa.

– Sør i fylket ser det ut som snøgrensa kan kome til å vere på 700 meters høgde, mens lenger nord kan den bli så låg som 100 meter, fortel Løvdahl som varslar rogalendingane om vanskelege køyreforhold.

– Det blir litt ugreitt i Rogaland. Det blir mykje nedbør og mykje vind på Sør-Vestlandet. Det kan kome opp mot 50 mm nedbør og me har sendt ut farevarsel om mykje regn, seier meteorologen.

Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl

Meteorologen melder om ei nedbørsrik romjul i aust og sørvest, men roleg i nord.

Foto: Hanneke Luijting

På Sørlandet vil nedbøren kome som regn og snøgrensa vil vere høg, også i hyttebygda Hovden på over 800 meter vil nedbøren truleg kome som regn.

I Telemark er skifolket noko heldigare med snøgrense på 500 meter, men det blir mildare og nedbøren kan gå over til regn tysdag ettermiddag.

Lågtrykket gjer seg ferdig natt til onsdag som blir ein roleg og fin dag i store delar av Sør-Noreg.

Blir vanskeleg å ferdast i fjellet

Nedbøren og den sterke vinden vil føre til vanskelege køyreforhold på fjellovergangane også i morgon.

– Det blir ikkje lett å ferdast i fjellet 2. juledag. Det blir vestavind og det blir nok problem for fjellovergangane i Langfjella.

Vestlandet nord for Rogaland, og Trøndelag slepp unna det kraftige lågtrykket denne gongen og vil ikkje få nedbør av betydning. Langs kysten kan det likevel blåse kuling.

Nord-Noreg kjem best ut av det om ein er ute etter opphald og roleg romjulsvêr.

– Dei er skåna for lågtrykket og får stille og rolege dagar på vêrfronten så langt eg ser, seier Løvdahl.

Skiføre

Påfyll med snø i trea og i skiløypene rundt om på Austlandsområdet kan kome godt med i romjulsveka.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Best nord for Gardermoen

Om du er lysten på å bruke skia og treng eit påfyll med snø etter mildvêret, er sjansane aller best for det på Austlandet nord for Gardermoen.

Det kan kome opp mot 30 centimeter med snø både tysdag og torsdag denne veka.

– Det vil iallfall starte som snø, så er det vanskeleg å sjå akkurat kor snøgrensa vil gå, men nord for Gardermoen kan du vere ganske sikker på at det vil kome som snø. Men det blir nok eit positivt bidrag også i Oslomarka.