Hopp til innhold

Jordmødrer: – Foreldre er for opptekne av kjønn

DRAMMEN (NRK): Fleire jordmødrer er skeptisk til den nye amerikanske trenden der ein feirar barnets kjønn før babyen er fødd. Dei vil heller ha tilbake den tradisjonelle barselfeiringa.

Gut eller jente?

For å avsløre kjønnet til barnet på «gender reveal party» brukar ein ofte ballongar med konfetti inni. Når ein sprekker ballongane får ein vite kva slags kjønn det blir etter å sjå på fargen på konfettien.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

– Mange spør om kjønnet nesten før dei legg seg ned på ultralyd, seier jordmor på Drammen sjukehus, Janne Iversen.

Ho fortel at framtidige foreldre ofte berre har ein tanke i hovudet når dei kjem til ultralydundersøking. Kva slags kjønn barnet har.

Ynskjer barselgrauten tilbake

– Som jordmor tenkjer me at det ikkje er det viktigaste. Ultralydscreening er ei medisinsk undersøking som kan ha store konsekvensar for svangerskapet vidare. Der ser me på kor morkaka er plassert, når barnet har termin og organstatus på barnet, seier Iversen.

Jordmor Janne Iversen

Jordmor og tillitsvald i Jordmorforbundet, Janne Iversen skulle ynskje framtidige foreldre var meir oppteken av den kjensla og kommunikasjonen ein har med barnet i magen, enn kva slags kjønn barnet har.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

NRK omtalte tidlegare denne veka den nye amerikansken trenden "gender reveal party" der framtidige foreldre arrangerer eit selskap der dei på forskjellige vis, avslører kva slags kjønn barnet i magen har.

Jordmødrene NRK har snakka med synest det er synd at den tradisjonelle barselfeiringa etter at barnet er fødd, synest å stå svakare enn tidlegare.

– Eg vil heller slå eit slag for barselsgrauten, der ein kjem heim til dei nybakte foreldra med mat og kan ta litt vare på mor som er sliten etter fødsel, seier Marte Berger Nortvedt, nestleiar i den norske jordmorforeining.

– Den tradisjonen ser ein ikkje mykje lengre, men det er nok av historier om kvinner som slit i byrjinga som kunne hatt godt av litt hjelp frå familie og vener.

Barselgraut er ein tradisjon som har røter heilt tilbake til mellomalderen og stått sterkt i Noreg gjennom heile 1900-talet. Nokre dagar etter at barnet var fødd, kom familie, vener og naboar på besøk og hadde sjølv med seg maten, helst i form av rømmegraut.

Gender reveal, ballonger

Mange lesarar reagerte i NRK sine kommentarfelt på Facebook at dette er enda ein happening der unge foreldre føler press på å bruke pengar.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

Vil ikkje angre

Cecilie Halvorsen og Martin Ingesen ventar sitt fyrste barn og har akkurat arrangert eit gender reveal party.

– Me synest det var ein god moglegheit for å lage litt stas ut av babyen og ein fin måte å samle familien på. Svangerskapet er langt og det var fint å fylle ventetida med noko, smiler Cecilie.

Dei forstår skepsisen og til jordmødrene, men meiner ikkje dei berre er opptekne av kjønn.

– For oss var jo ikkje kjønn det viktigaste å finne ut under ultralyden. Det viktigaste er sjølvsagt at barnet har det bra og utviklar seg på riktig måte. Men som fyrstegangsfødande var det sjølvsagt spennande å få vite kjønn når jordmor sa det var mogleg.

– Å vite kjønnet held fram tilknytningsprosessen med det komande barnet og gjer ting meir verkeleg, legg ho til.

par, gender-party

Cecilie Halvorsen og Martin Ingesen avslørte at dei skulle få ein gut da dei hadde kjønnsavsløringsfest. Om det likevel skulle bli ei jente trur dei det berre blir ein morosam historie.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

Stort engasjement i sosiale medium

I NRK sine kommentarfelt på Facebook har det vore mange kritiske reaksjonar mot den nye babytrenden.

Mange meiner dette berre er enda ein ny måte å tene pengar på for butikkane, andre meiner det blir feil å sette eit ufødd barn inn i ein rosa eller blå bås, medan andre meiner som jordmødrene at ein bør vente med feiringa til barnet er fødd.

Kan vi please slutte å herme etter USAs forbrukerhysteri og mangel på bærekraft for en gangs skyld? Ok takk

Frå NRK sitt kommentarfelt på Facebook

Hva er vitsen. En dag kan jo Arne finne ut at han vil heller blir Arnhild. Friskt barn er vel bedre enn å fokusere så mye på hva det blir...

Frå NRK sitt kommentarfelt på Facebook

Markere det ny livet med overforbruk og plastforurensing 👍

Frå NRK sitt kommentarfelt på Facebook

Jordmor Janne Iversen er einig i ein del av kritikken.

– Det positive med gender reveal er at ein feirar gleda av eit nytt liv. Men ei slik feiring i eit svangerskap blir jo enda eit stress- og pressmoment, som kostar pengar og låsar oss i denne tokjønnsmodellen, seier Iversen og legg til.

– I tillegg er fallhøgda ekstrem stor om du får beskjed at barnet i magen kanskje er dødt, eller har store alvorlege misdanningar.