Hopp til innhold

Hugsar du denne?

Varselpinnen var mykje brukt på syklar før i tida, men no ser me dei sjeldan. Det ynskjer ein entusiast å endra på.

Varselpinne frå 70-talet

Slik såg varselpinnen ut på 70-talet. Her er den montert på ein sykkel frå same årstal.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Varselpinnen gjer at eg kjenner med tryggare i trafikken, seier Lillian Brudevoll frå Hyggen i Buskerud.

Varselpinnen er ein plastpinne som stikk ut frå sida på sykkelen som går inn mot trafikken. På enden har den og ein refleks på begge sider.

Lillian Brudevold

På veg til jobb må Lillian Brudevoll sykla forbi strekker utan gang- og sykkelveg. Der er ho glad for varselpinnen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Når eg var ung var det heilt vanleg å bruka. Han var festa på alle syklar eg brukte. Det gjorde sitt til at bilane haldt avstand når dei passera syklisten, fortel ho.

Ho hadde sjølv slutta å bruka varselpinnen, men fann att ein frå 70-talet som opna opp interessa. No sykla ho ikkje utan og har installert ein på elsykkelen sin.

Bilar held større avstand

El-sykkel med Varselpinne

Slik ser elsykkelen ut med varselpinnen montert.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det var i bruk når eg var liten, for eg hugsar eg hadde ein sjølv. Eg har spurt rundt på kontoret om dei kjenner til varselpinnen. Det er tydeleg at dei i den yngre generasjonen har nesten aldri høyrt om det men min generasjon veit om og hugsar det, fortel forskar ved Transportøkonomisk Institutt, Aslak Fyhri.

På slutten av 80-talet vart det forska på effekten varselpinnen hadde i trafikken. Forskinga fann at bilane heldt større avstand til syklistar med varselpinne.

– Dei berekna og ein reduserande effekt på ulykker på om lag 7 prosent. Men det å bli påkøyrd av ein bil er ikkje ei vanleg ulykke, fortel Fyhri.

Varselpinne på med passerande bil

Forsking frå slutten av 80-talet viser at bilar held større avstand frå syklistar med varselpinne.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Det viktigaste er å vera synleg

– Eg kan nesten ikkje hugsa å ha sett varselpinnar etter 70-80-talet, seier Reidar Olsen. Han er lokalleiar i Syklistenes landsforbund i Ringerike.

Reidar Olsen

Reidar Olsen i Syklistenes landsforbund i Ringerike seier det er viktig at bilistane passar på å gi plass til syklistar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

For han er det meir viktig å fokusera på eigne sykkelfelt i staden for å ta inn at varselpinnen.

– Eg trur det går meir på haldningar. Ein bilist som er tøff ovanfor syklistar vil ikkje bry seg om varselpinnen, seier Olsen.

– Det er jo og ein viktig faktor her med opplevd tryggleik hjå syklistane. Eg trur det er ganske mange som opplever det som utrygt når dei blir passert, seier forskaren.

Aslak Fyhri

Aslak Fyhri, forskar ved Transportøkonomisk institutt, fortel at det viktigaste for ein syklist i trafikken er å vera synleg.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Han fortel at å vera synleg som syklist i trafikken kanskje er viktigare enn å bruka hjelm. Han trekk fram at refleks på dekka og ein gul jakke er gode tiltak for å bli synleg.

– Å sykla er både miljøvennleg, sunt og billig. Dei som syklar bør kjenna seg trygge i trafikken og det håpar eg at varselpinnen kan bidra til, seier Brudevoll.