NRK Meny
Normal

Hoppar 50 meter i rallybil

Torstein Eriksen frå Steinberg kjempar om å bli fast kartlesar til ein av Noregs beste rallykøyrar, Mads Østberg. I helga hoppa dei lengst i Rally Finland.

50 meter hopp i rally inland

Her hoppar Østberg og Eriksen heile 50 meter med rallybilen. Foto: Georg Höfer/GHrallyemotion

Etter at Mads Østberg og kartlesar Ola Fløene skilte lag tidlegare i år må Østberg finna ein ny kartlesar. Østberg skal prøva to andre kartlesarar til før han bestemmer seg for ein fast. Torstein Eriksen kan bli den heldige.

Eriksen har som mål å bli ein del av verdstoppen i rally, og meiner han har ein god sjanse til å bli den nye kartlesaren til Østberg etter VM-runden i Finland.

– Eg synest det var eit vellukka samarbeid, og eg gjorde jobben så godt eg kunne. Eg har i alle fall vist denne helga at eg gjerne vil gjera dette, seier Eriksen.

Hoppa lengst i løypa

– Rally Finland var heilt rått! Det blei ein kjempesuksess og eg er veldig nøgd med innsatsen under VM-runden, seier Torstein Eriksen.

Mads Østberg og kartlesar Torstein Eriksen frå Steinberg hadde som mål å bli topp fem, men enda på ein 10.-plass i Rally Finland i helga. Sjølv om det var duoen sitt fyrste løp saman, hoppa dei lengst med heile 50 meter på det eine hoppet.

– Eg skal innrømma at eg kikkar ned i boka mi når me kjem til sånne hopp i over 180 km/t. Ikkje fordi eg er redd altså, men eg har ein jobb å gjera så det er ein fordel å ikkje bli sett ut av desse hoppa, ler Eriksen.

Eriksen debuterte som kartlesar for ein av Noregs beste rallykøyarar.
Foto: Adapta Motorsport/@World

Tidlegare i år viste Østberg at han er hoppkongen i rallysporten då han hoppa 42 meter i Rally Potugal.

– Det smell og dunkar i kroppen

– Korleis har du det no, tre dagar etter at du har komme heim?

– Eg har det veldig bra, men eg er litt sliten i kroppen. Det har vore mykje hopping i rallybil i høg hastigheit i det siste. Det er ikkje så godt for kropp og sjel å landa med bil, og det verste er landinga, fortel Eriksen.

Trass i stor påkjenning på kroppen er både Østberg og Eriksen nøgd med VM-runden. Mads Østberg har skrive på Twitter at det er eit av hans beste løp i år.

Laster Twitter-innhold

Klare mål for framtida

I fjor sommar jobba Torstein Eriksen med logistikk på eit lager i Hokksund, men slutta altså i jobben og satsa alt på å få vera med på rallysirkuset.

– Den nye kvardagen er faktisk så hektisk at eg tenker at eg ikkje kunne drive med noko anna. Det har vore eit bra år, og det har gjeve meg mange nye moglegheiter, seier Eriksen.

No har han altså debutert som kartlesar for ein av Noregs beste rallykøyrar Mads Østberg på høgaste nivå. Før har han blant anna vore med i NM og Rally Sigdal.

Duoen hoppa 50 meter med rallybilen.
Foto: Adapta Motorsport/@World