Hokksundjenta Birgitte Aubell, som er student på Bali, seier det var rein flaks at ho kom uskadd frå terroraksjonen på øya Bali.
Helst vil Aubell reise heim til Hokksund.
På laurdagskveldar brukar ofte ho og andre norske studentar å vera i området der eksplosjonen skjedde.
Til nå har 189 menneske omkomme etter at ei bilbombe eksploderte ved ein nattklubb laurdag kveld.
Aubell er sjokkert etter eksplosjonen og ønskar seg nå bort frå Bali. Ho seier at dei norske studentane er sjokkert og redde etter hendinga.
Sjølv bur ho berre ti minutters gange unna ulykkesstaden.
Birgitte Aubell har vore på Bali i to månader. Ho har studert ex phil og ex fax, eller forberedande til universitetet, på den norske studiestaden ANCEP som er Arne Næss sitt senter for økologi og filosofi.
Tre månader skulle opphaldet vare, men etter eksplosjonen veit ikkje Aubell om ho får fullført studiepphaldet.