Kan hamne i fengsel etter funn av skatt frå vikingtida

RINGERIKE TINGRETT (NRK): Dei to kameratane trudde dei skulle få heider og ære etter å ha funne vikingskatt. Nå kan dei bli dømde til fengsel for brot på kulturminnelova.

Hobbyarkeologar

I mai i fjor fann Ole Johan Fuglerud og Joakim Holbæk ti myntar, to skålspenner og perler frå 800-talet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg er framleis stolt av kva me fann, men ikkje at me har rasert ei gamal vikinggrav sånn som det står på kulturminnesøk.no nå. Det er trist at det blei sånn, forklarte Joakim Gulbæk med gråten i halsen i retten torsdag.

Tok med myntane heim og vaska dei

Det er halvanna år sidan barndomskompisane fann vikingmyntar frå 800-talet like etter at dei begynte å søkje med metalldetektor.

Vikingfunn

Slik såg myntane da dei fann dei i Hole.

Foto: Privat

På eit jorde ved garden Søndre Lore i Hole fann dei ti myntar, to skålspenner og perler som dei etter kvart skjønte måtte stamme frå vikingtida.

Da dei la ut bilde av funna på ei gruppa for metallsøkarar på Facebook blei dei hetsa.

– Da tenkte me «oj shit, kva har me gjort nå», forklarte Gulbæk i retten.

Etter kvart blei dei to meldt til politiet av fylkeskommunen. Nå er dei tiltalt for å ha tatt med seg sølvmyntane og perlene heim og vaska dei.

Det var Ringerikes Blad som fyrst skreiv at dei to kameratane er tiltala for brot på Kulturminnelova og må møte i retten.

Fuglerud og Gulbæk

Ole Johan Fuglerud og Joakim Holbæk i Ringerike tingrett.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Burde fått kjeft og opplæring

– Me synest det er i overkant at me blei meldt, me forsøkte jo å gjere alt rett. Me hadde jo ikkje tipsa pressa om funnet, hadde me visst at det me gjorde kunne få slike følger, seier Fuglerud til NRK.

– Me var heilt ferske i gamet og burde heller fått kjeft og rettleiing, ikkje blitt dratt for retten

Dei to forklarte at dei hadde tatt kontakt med kulturminneavdelinga i Buskerud fylkeskommune etter at dei hadde tatt med seg myntane og resten av funna heim.

Viktige funn kan ha blitt borte

Fylkesarkeolog Håvard Hoftun forklarte i retten at kulturminnelova seier at ein skal ta kontakt med ein gong ein forstår at ein har funne noko svært gamalt.

– Å ta bort så mange av gjenstandane øydelegg kravkonteksten og informasjonen ein arkeolog kan finne. Det er fullstendig feil behandling av funn og gjer at viktige funn kan bli vaska bort, forklarte Hoftun i retten.

Ole Johan fann vikingskatt

Området dei to leita med metalldetektor på i Hole er kjent for fleire historiske funn.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Zanette Glørstad, fyrsteamanuensis i arkeologi ved Universitet i Oslo, forklarte seg også om betydninga av eit slikt funn. Glørstad la vekt på at metallsøking helst bør skje i dyrka mark.

– I utmarksområde kan funnkontekstane framleis vere intakte - og det er derfor best å halde seg til åkrar/ dyrka mark. Det er ikkje forbode med metallsøking i utmark, men det er ikkje anbefalt. Alle i miljøet synest det er veldig trist at me ikkje fekk vite om meir om konteksten av dette funnet.

Kunne vore meir forsiktig

I avhøyr med politiet nekta dei to kameratane å godta eit førelegg, difor har saka hamna i retten. I forklaringa i tingretten la dei vekt på at dei handla etter den kunnskapen dei hadde.

– I etterkant tenkjer eg at me kunne ha vore meir forsiktige med myntane og perlene. Elles kan eg ikkje seie kva me kunne gjort annleis med den kunnskapen me hadde, sa Fuglerud.

Arve Andre Larsen

Forsvarar Arve Andre Larsen går for full frifinning i saka.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Forsvarar Arve André Larsen seier dei går for full frifinning i saka.

For dei to kameratane har det vore ei tung tid etter det som dei trudde skulle vere ein jubeldag.

– Det har vore tungt. Det har vore mykje negativt, men eg har fått ein del positive tilbakemeldingar også. Det har fått meg til å ikkje gå heilt i kjellaren, sa Fuglerud tydeleg prega.

Lite liknande saker

Politiadvokat Sigrid Frogner Larsen fører saka på vegner av statsadvokaten.

– Det er det at dei har tatt heile funnet opp som er det mest øydeleggande og det som er det hovudsaklege i tiltalen.

Ho seier det er lite liknande saker å samanlikne med.

– Når det gjeld metallsøking er det etter eg kjenner til ingen sak som har gått til domstolen som gjeld automatisk freda kulturminne.

Larsen fortel at strafferamma er frå bøtestraff til to års fengsel, men at denne saka ikkje er så alvorleg.

I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at statsadvokaten ville gå for eitt års fengsel på vilkår. Det riktige er at statsadvokaten la ned påstand om 18 dagar fengsel på vilkår og bot for Fuglerud, og berre bot for Gulbæk.