Hopp til innhold

Vil hindra import av utanlandske bær

Jordbærbonde trur folk flest vil ha norske bær.

Jordbær

Jordbæra på Myhrene gard veks endå trass i kaldare dagar.

Foto: Marita Saue Hamre / NRK

Trass i høgare prisar for norske jordbær, samanlikna med jordbær frå andre land, er inntrykket til Simen Myhrene at nordmenn ønske norske jordbær.

Simen Myhrene

Simen Myhrene har satsa alt på fleire tunnelar for lenger sesongar.

Foto: Marita Saue Hamre / NRK

– Me bør klara å vinna tilbake marknaden i Noreg. Eg meiner at me har betre smak på bæra, og det er ei kortare reisa frå åkrane til butikkane, seier jordbærprodusenten.

Derfor satsar han no sterkt på jordbærproduksjon som strekk seg utover hausten. I september har dei plukka to tonn jordbær kvar dag.

– Det er større etterspurnad etter jordbær heile sesongen no, enn det var før.

Forlenga vinteren

På Myhrene gard lurar dei plantane sine til å tru at det er jordbærsesong halve året for å gje deg jordbær heilt frå juni til oktober.

Heilt fram til i år har det vore vanleg å ha fem hektiske veker i juli med mykje jordbær, medan no er det jordbær i tre månadar.

– Her har me rett og slett forlenga vinteren. Plantane blir sett inn på fryselager, og tatt ut att i juni. Då trur plantane at det er april, og dermed får me bær mykje seinare. Me har eit mål om å plukka bær heilt fram til oktober.

Jordbær

Jordbær heilt frå juni til oktober.

Foto: Marita Saue Hamre / NRK

Jordbærtunnelane forlenger sesongen

For å få til ein lenger sesong har Simen Myhrene tatt i bruk dei såkalla «jordbærtunnelane» for å ha kontroll på klimaet til bæra.

– Utfordringane med bærproduksjon er vêret. Når me held på ute er me avhengig av å ha godt vêr, og god arbeidskraft. No har eg full kontroll over vatning og kor mykje gjødsel bæra treng, fortel Myhrene.

Jordbærtunellane på Myhrene gard

Jordbærtunnelane gjer det enklare for bonden å ha kontroll på klimaet til bæra.

Foto: Marita Saue Hamre / NRK

Myhrene har dyrka bær i desse tunnelane i Lier i mange år. Men i år er fyrste året dei satsar så stort og kan levera bær kvar dag.

– Det blir ein heilt anna kvardag no med alle desse tunnelane, og med full kontroll på haustinga, seier jordbærbonden.

Det er rundt 10 andre gardar i Noreg som har same tunnelar, blant anna i Vestfold, Rogaland, Nordland og på Vestlandet.

> Les også: Jordbærsesongen blir dobbelt så lang

Nøgd med lenger sesong

Martyna Pogada er ei av rundt 50 menneske som plukkar jordbær hjå Myhrene i Lier. Arbeidarane om sommaren har lang tradisjon for å vera med under plukkinga. Dei kjem blant anna frå Polen.

– Dette er ein veldig fin jobb, så eg likar meg godt her, seier Martyna Pogada.

Er du sliten i hendene etter å ha plukka i heile sommar?

– Nei då, det går heilt fint, ler Pogada.

Martyna Pogada

Martyna Pogada fortel at det er behageleg no når det er lenger og mindre hektisk sesong.

Foto: Marita Saue Hamre / NRK

På grunn av endring i sesongen blir det ikkje like hektisk for arbeidarane, men meir fordelt utover sommaren.

Ny teknologi på veg

Simen Myhrene har ein plan for framtida til jordbæra. Han har nemleg investert i robotar som kan overvaka bæra, og forhåpentlegvis om nokon år plukka desse.

– Det er jo koseleg med folk på åkrane som plukkar jordbær, men tenk korleis det blir dersom ein robot plukkar dei, forklarar Myhrene.

Les meir om roboten her: Jordbærroboten «Thorvald» imponerte Sanner

Flere nyheter fra NRK Buskerud