Hopp til innhold

Helge (92) song 8. mai 1945 – i går var han solist igjen

Lite visste Helge Birkeland (92) om at hans store debut som solist skulle kome på sjølvaste frigjeringsdagen i 1945. 73 år etter var han igjen midtpunktet 8. mai.

Song i kyrkja

92 år er ingen alder for ein solist. Tysdag song Helge Birkeland i Skoger kyrkje i Drammen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Stemma er i full vigør, den er betre enn nokon gong trur eg, gliser 92-åringen.

Han er klar for ein spesiell framferd, på ein heilt spesiell dag.

92-åring og kona

Kona har vore med Helge Birkeland sidan krigens dagar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Eit brus av ei anna verd

For 73 år sidan var Helge Birkeland ein lovande solist og presteson i Skoger like utanfor Drammen.

Det siste halvåret av krigen var 20-åringen med å planlegge ein stor konsert i Drammens Teater. Konserten blei lagt til 8. mai. Lite visste Helge og dei andre om kva slags dato det skulle bli i norsk historie.

Men da han sette seg på sykkelsete og sykla dei rundt ti kilometrane til Drammen for generalprøva dagen før forstod kva han som var i vente. For fyrste gong på fem år såg han det norske flagget bli heist frå mange hus.

– Det var flagg på kvart einaste hus. Folk gjekk rundt i bunader og ropte. Det var eit brus av ei anna verd, fortel mannen som fyller 93 i haust.

Helge Birkeland

Helge Birkeland var son av sogneprest Andreas Birkeland. Han har vore profesjonell songar og dirigent heile livet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Held framleis konsertar

Konserten gjekk som planlagt, med eit publikum solisten nok aldri seinare såg maken til.

– Det var for kort tid til å begynne å forandre på konserten. Men det er klart det blei ein ekstra dimensjon til konserten. Alle hadde tatt med flagg. Folk jubla og klarte nesten ikkje å vere stille. Det kunne gått så dårleg som berre det, den dagen, men det blei berre jubel, fortel Birkeland.

I dag var Helge tilbake i Drammen og i Skoger kyrkje. Det var igjen tid for konsert og sjølvsagt ville Helge igjen vere solist.

Helge Birkeland

Framleis er han i full sving som songar og denne kvelden hadde han vald ut «Swing Low, Sweet Chariot» og salmen «Jeg løfter opp min gud min song».

– Eg syng framleis rundt omkring og er i storform som songar, smiler solistveteranen.