Hopp til innhold

Håper på tiggerovernatting

Sidan i vår har Kirkens Bymisjon i Drammen jobba for å få på plass eit overnattingstilbod for utanlandske tiggarar i vinter. Dei ønskjer å unngå bråket frå førre vinter, kor kommunen sette ein stoppar for dei første planane om eit slikt tilbod.

Tigger i Drammen

I år håper dei frivillige organisasjonane det vil gå meir knirkefritt å få på plass eit overnattingstilbod for tilreisande tiggarar. Det er stort sett dei same familiane som er i Drammen år etter år.

Foto: Chetan Rastogi / NRK

– Vi jobbar med utanlandske tiggarar heile året, men det er klart vi trappar opp no når vinteren kjem, seier dagleg leiar Jon-Ivar Windstad i Kirkens Bymisjon.

Ei gruppe utanlandske tilreisande livnærer seg av å tigge i Drammen. Bymisjonen meiner det er meir eller mindre dei same personane som har vore i Drammen over fleire år.

Sivia Spiridon og Jon-Ivar Windstad

Leder for Kirkens Bymisjon i Drammen, Jon-Ivar Windstad håper å få på plass overnatting for tilreisande tiggarar i løpet av hausten. Her saman med Silvia Spiridon som overnatta på Bragernes kyrkjelydshus i fjor vinter.

Foto: Christina Honningsvåg / NRK

– Nokre reiser heim ein månad eller to, og av og til kjem ei kusine eller ein son tilbake i staden for andre som reiser heim. Men elles er det dei same familiane som har vore her sidan 2012, seier Windstad.

Håper å unngå trøbbelet frå i fjor

I oktober i fjor opna kyrkja for at tiggarane i Drammen skulle få bruke Strømsø kapell som overnattingsstad gjennom vinteren. Men så sa Drammen kommune nei på grunn av brannforskrifta og krav til hygiene. Dei kravde bruksendring og heile saka gjekk i stå.

Løysinga då vart til slutt Bragernes kyrkjelydshus, kor eit tjuetals utanlandske tilreisande fekk overnatte i vinterkulda.

 Eva Milde Grunwald

Helse- og sosialdirektør i Drammen, Eva Milde seier utfordringane dei hadde med å godkjenne overnatting for tiggarar i fjor er avklarte. Kommunen vil hjelpe tiggarane – når kulda går ned mot ti minusgradar.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

No blir det stadig kaldare netter, og fleire tiggarar har overnatta i byparken i Drammen. Bymisjonen meiner det hastar med å skaffe dei husly, men fryktar at det kan ta tid.

– Vi er i kontakt med både private huseigarar og kommunen om egna lokale. Det er ikkje så enkelt å få til. Einskilde er engstelege av ulike grunnar. Det er òg krav til fleire toalett, ventilasjon, brannsikring og slikt. Det er absolutt ikkje snakk om noko luksus, men vi jobbar for å finne eit tilbod som blir godkjent, seier Windstad.

Kommunen fokuserer på minus ti grader

Helse- og sosialdirektør i Drammen, Eva Milde, gjentar frasen "opplevde minus ti gradar" fleire gongar når NRK spør ho om kommunen sett pris på arbeidet bymisjonen gjer for å huse byens tiggarar i den kommande vinterkulda.

Det er når det blir så kaldt kommunen har lovd pengestønad til overnatting. Det er ei kuldegrense ekspertar meiner er kunstig.

– Vi samarbeider med dei frivillige når humanitære årsaker krev at vi hjelper. Og det har vi sett til ei grense når ein opplever kulda som ti minusgrader. Vi har gitt stønad til overnatting under slike høve dei siste åra. Vi har ein god kommunikasjon med Kirkens Bymisjon, og dei utfordringane vi har hatt tidlegare – opplev vi no som avklarte, seier Milde.