Hopp til innhold

Golberg var redd vasskoppar skulle øydelegge OL-sjansane: – Såg mørkt på det

Pål Golberg mista to veker med trening og er usikker på kor han står før dei siste uttaksrenna til OL. Langrennsekspert Fredrik Aukland meiner han har sett Vidar Løfshus i ein vanskeleg situasjon.

Golberg

Pål Golberg såg mørkt på det da han fekk beskjeden om at han hadde fått vasskoppar. Nå er han ikkje redd for å kome i form til OL, men er spent på om sjukdomen påverkar dei siste uttaksrenna.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Systera mi fekk vasskoppar i vaksen alder og ho blei skikkeleg sjuk. Så da såg eg ganske på mørkt på det.

Pål Golberg er endeleg tilbake i trening. Mens han tek på seg treningskleda for ein kveldsøkt på ski på Sjusjøen, fortel han om beskjeden som gjorde han bekymra før jul.

Da han kom heim etter å ha følt seg sjuk i verdscupsprinten i Davos, dukka dei raude prikkane opp.

Verdenscup ski nordiske grener

Pål Golberg tok 2.-plassen bak suverene Johannes Høsflot Klæbo på den fyrste klassiske sprinten for sesongen. Klæbo er alt OL-klar, Eirik Brandsdal, Sondre Turvoll Fossli, Emil Iversen, Sindre Bjørnestad Skar og Pål Golberg er blant dei som kjempar om dei tre siste plassane.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Stor usikkerheit

27-åringen blei sett på antibiotika og fekk ikkje trent på to veker. Etter desse vekene var leververdiane for høge og Golberg måtte halde igjen på hardtreninga heilt fram til nyttårshelga.

– Det er jo aldri optimalt å bli sjuk og miste så mykje trening. Men eg blei heldigvis aldri sengeliggjande og følte meg ikkje skikkeleg sjuk. Eg har gjort det beste ut av det og er i gang igjen nå, forsikrar han.

NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland meiner Golberg har sett landslagsleiinga i ein vanskeleg situasjon.

– Det er stor usikkerheit rundt Golberg nå. Skal han få gå i OL, må han vise form og vise at han er tilbake etter sjukdommen. Ein slik lang periode utan trening kan øydelegge mykje, meiner Aukland.

Måtte stå over uttaksrenn

Golberg tok andreplassen i den klassiske sprinten i Ruka før jul. Det er berre Johannes Høsflot Klæbo som har betre resultat i OL-øvinga klassisk sprint.

– Viss laget hadde blitt tatt ut i dag, så hadde eg vel gått. Eg har iallfall best resultat av dei som kjempar om dei tre plassane.

– Men eg veit at viss eg ikkje presterer nå er det andre som tek den plassen, så det er klart eg er litt spent på korleis forma slår ut nå i januar, seier Golberg.

I svenske Piteå gjekk fleire av rivalane om OL-plassane sprint i skandinavisk cup fredag. Eirik Brandsdal vann rennet Vidar Løfshus har varsla er eit av uttaksrenna til OL.

For Golberg kom rennet for tidleg.

Må til finalen

Nå står to sjansar att: NM på Gåsbu neste veke og verdscupsprinten i Planica 20. januar.

– Om eg kjem meg til finalen begge plassar er det ikkje noko tvil. Om eg ikkje gjer det, så avheng det litt meir av andre, meiner Golberg.

– Det er lenge sidan pallplassen hans i Ruka. Han kan ikkje føle seg trygg. NM kjem nok for tidleg etter sjukdomen, men om han tek ein ny pallplass i Planica er han soleklar for OL-sprinten, meiner Aukland.

Flere nyheter fra NRK Buskerud