– Meir rasisme i norsk fotball enn folk trur

DRAMMEN (NRK): Internasjonal fotball har vore prega av fleire stygge rasisme-saker i vinter. Godset-duoen Muhamed Keita og Amahl Pellegrino meiner fotballforbundet ikkje gjer nok for å kjempe mot rasisme.

Pellegrino og Keita

Amahl Pellegrino og Muhamed Keita meiner rasisme i norsk fotball framleis er eit stort problem. Strengare straffer og meir involvering frå elitespelarane i barnefotballen er noko fotballforbundet bør vurdere, meiner lagkompisane.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Det har ikkje kome nokon veg synest eg. Det hjelper ikkje å berre lage kampanjar når det ikkje skjer nokon betring.

Godset-spelarane Amahl Pellegrino og Muhamed Keita er oppgitte. Eigentleg burde det ikkje vere nødvendig å snakke om rasisme i norsk fotball.

Fotballhat veks i Europa

Internasjonal fotball har vore prega av fleire stygge rasisme-saker den siste tida. Det er eit veksande fotballhat i emning.

Den engelske Manchester City-stjerna Raheem Sterling er ein av dei som har fått hatrop og apelydar etter seg denne vinteren.

Laster Twitter-innhold

Keita som nyleg gjorde comeback for Strømsgodset, meiner noko av det same kunne skjedd i norsk fotball.

– Det har skjedd og skjer mange gonger også her. Det er meir rasisme i norsk fotball enn folk trur. Både på tribunen og frå motspelarar. Men det blir ofte ikkje skrive om, meiner Keita.

Han nemner episodar frå toppnivå i norsk fotball der han og andre har fått rasistiske rop slengt etter seg både frå motspelarar og publikum.

– Dei ropar ting som «din apekatt, gå og heng i trea».

Keita har også ei fortid i polsk fotball i Lech Poznan. Der kunne han knapt gå ut på gata utan å få aperop og lydar etter seg.

Keita og Pellegrino

Muhamed Keita meiner det er langt mindre rasisme nå enn da han vaks opp i Drammen. Men framleis opplever han episodar både på fotballbanen og elles i kvardagen, spesielt «skjult rasisme».

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Hyllar Harry Kane – vil ha strengare straffer

Lagkamerat Pellegrino hadde sin verste oppleving på fotballbanen som Bærum-spelar for fem år sidan. Ropa frå tribunen på Strømmen var så stygge at Pellegrino helst ikkje ville tilbake på banen etter pausen.

Godset-spissen hyllar Englands landslagskaptein Harry Kane som har gått ut i media og sagt at han vil ta heile laget av banen og avslutte kampen om han opplever rasisme ein gong til.

– Det er slike folk som viser at ein meiner alvor. Eg hadde sett opp til ein sånn ven eller lagkompis. Rasisme på fotballbanen må få konsekvensar, og det bør bli strengare straffar for klubbar og tilskodarar må bli utestengt, meiner Pellegrino.

Amahl Pellegrino

Amahl Pellegrino har spelt i Lillestrøm, Bærum og Mjøndalen før han kom til Strømsgodset. Han har opplevd fleire stygge rasisme-episodar på norske fotballbanar.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Keita vil bli brukt meir som førebilete

Dei to har mange tankar om kva dei meiner bør gjerast i norsk fotball der dei sit på Marienlyst stadion. Dei har ikkje trua på kampanjar som «Gi rasisme rødt kort» der spelarane viser det raude kortet til rasisme før kamp.

– For meg gjev det ikkje noko meining. Du viser plakatane før kamp, så legg du dei ned, men kva skjer etter det? seier Keita.

Han vil heller bli brukt som eit førebilete inn mot unge fotballspelarar rundt om i klubbane.

– Dei kunne brukt oss mykje meir inn mot den unge generasjonen. Me kan prate med dei om kva dei tenkjer om rasisme. Barn lurar på mykje og me kan svare. Det føler eg kan ha meir påverknad og ting me seier vil dei kopiere og ta med seg.

Ei viktig påminning for fotballforbundet

Seksjonsleiar i Noregs fotballforbund, Henrik Lunde synest Godset-duoen har mange gode forslag til tiltak og er einig i at forbundet kan gjere meir.

– Ein gjer heilt sikkert aldri nok. Me jobbar med dette i fair-play programmet vårt som handlar om å ha respekt for andre mennesker både på og utanfor banen, men dette er absolutt ei god påminning på at me må løfte rasismebiten av dette høgare opp enn me har gjort, seier Lunde som trur Keita og Pellegrino har rett i at det er meir rasisme i fotballen her til lands enn ein veit om.

– Me kan ikkje vere så naive og tru at dette berre skjer i utlandet og ikkje Noreg. Derfor er det så bra at me får slike meldingar frå spelarar, slik at me ikkje kan sovne i jobben mot rasisme.