Hopp til innhold

Har redda fleire gjeldsoffer frå sjølvmord

Kredittkortgjelda blant oss aukar. Sidan i fjor haust har politiet i Nedre Eiker rykka ut heile ti gonger for å redde gjeldsoffer som vil gjere slutt på livet.

Lensmann og Namsmann i Nedre Eiker

Mange slit med økonomien utan at familien og vener kjenner til det. Lensmann i Nedre Eiker, Torill Sorte (t.v), er uroa over at fleire prøvar å løyse det heile ved å ta sjølvmord. Her saman med namsmann i Nedre Eiker, Ellen Hals Hellerud.

Foto: Idar Krogstad / NRK

– Det er i hovudsak menn det dreiar seg om, fortel lensmann i Nedre Eiker, Torill Sorte.

Sorte er uroa over at stadig fleire får store økonomiske problem og prøvar å løyse det heile ved å ta sitt eige liv.

Det er gjerne familien som kontaktar politiet fordi dei har fått urovekkjande meldingar eller dei saknar vedkommande.

Artikkelen held fram under biletet.

Inkassobrev

For mange veks kredittkortgjelda så mykje at dei havnar i økonomisk uføre.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Fleire leiteaksjonar

I Nedre Eiker, med sine 23 000 innbyggjarar, har politiet dei siste månadene sett i gang fleire leiteaksjonar gjennom Hovudredningssentralen, for å spore sakna personar og få redda dei før det er for seint.

– Det er alt frå dei som køyrer av vegen eller som reiser ein stad for å ta livet sitt, til dei som tek tablettar eller som på annan måte prøvar å komme bort frå problema, fortel lensmannen.

– Rekk de fram i tide? Stort sett så gjer me det, ja.

Rundt 10 personar, berre i Nedre Eiker kommune, har dei siste månadene hatt slike problem og gått til det steg å ville ta sitt eige liv.

Familien veit ikkje

Dei aller fleste held problema for seg sjølve, og det kjem oftast som eit sjokk på dei nærmaste når det kjem for dagen.

Lensmannen fortel at felles for desse tilfella, er at dei har levd over evne i lengre tid.

– Det me har sett i haust, er at veldig mange av dei er menn som slit med økonomien. Dette er ukjent for familie og ektefelle. Så har nok blitt nok, og ein tenkjer ein at berre eg forlet denne verda, vil alt løyse seg.

Fasaden er viktig

– Eg trur at fasaden og det å vera vellykka er svært viktig i samfunnet vårt. Inntektsnivået er forskjellig i Norge og det gjer at alle ikkje kan ha den samme bilen, det samme huset og at barna heller ikkje kan få det samme som alle andre, seier lensmannen, som trur gjeldsoffera opriktig kjenner eit ansvar for å gi familien det dei treng, men så klarar dei det ikkje, sier Sorte.

Lensmannen i Nedre Eiker seier gjeldsoffera ofte er ressurspersonar som lever eit normalt liv. Dei jobbar og står på for samfunnet, men klarar seg ikkje økonomisk.

Ballar på seg

– Så oppstår eit uføre på grunn av ting dei har gjort økonomisk, utan at dei orkar å ta tak i det. Så skurar det og går, og det ballar på seg med renter og gebyr. Gjelda blir berre større og større, og til slutt blir det så stort at det ikkje går an å handtere, fortel Sorte.

Mange slit med store regningsbunkar

Mange slit med store bunkar rekningar

Foto: Idar Krogstad / NRK

For lensmannskontoret i Nedre Eiker har dette problemet vore aukande det siste halvåret.

– Det bekymrar oss og me har tenkt på kva me kan gjere for at så mange kjem i eit slikt uføre fortel lensmann i Nedre Eiker, Torill Sorte

Ho seier politiet skal sjå på sine rutiner, og prøve å gå inn tidlegare i namssakene, slik at dei kan gi råd om korleis dei med økonomiske problem kan søkje hjelp.

Det finnst hjelp

NAV har kapasitet til å hjelpe desse menneska, men slit med å få tak i dei, fortel NAV-sjefen i Nedre Eiker, Bjørn Opsahl.

NAV-sjef i Nedre Eiker, Bjørn Opsahl

NAV-sjef Bjørn Opsahl tilbyr hjelp

Foto: Idar Krogstad / NRK

– Dei fleste me hjelper, er i systemet frå før, seier han, men meiner terskelen for å kontakte NAV ikkje burde vera så høg som den ser ut til å vere.

Han ønskjer at fleire tek kontakt, og oppfordrar dei til å gjere det så tidleg som råd.

– Det finnst hjelp! Me er ein statleg institusjon, som ikkje kostar noko, og som kan hjelpe til å få orden på økonomien, seier Opsahl.

NAV-sjefen fortel at det er mange vegar ut av økonomisk uføre.

– Me kan hjelpe med å få ei ordentleg oversikt over den økonomiske situasjonen, og sette opp ein betalingsplan slik at ein får kontroll over gjelda, fortel Opsahl.

Dei aller fleste som får gjeldsråd hjå NAV, kjenner seg letta når dei endeleg tør å fortelle om problema sine.

– Me rår våre klientar til å vera så opne som mogeleg, ikkje minst overfor sine nærmaste. Som oftast vil det vere ei hjelp berre i det. Særleg vaksne menn har høg terskel både i forhold til å oppsøkje hjelpeapparatet og å søkje hjelp hjå sine nærmaste, seier Opsahl.

Kredittkort er årsaka

– Eg tenkjer på alle som står på kjøpesenter og flyplassar før jul og deler ut kredittkort. Dei gjer nok vondt verre for alle dei som ikkje burde ha meir gjeld, seier lensmannen i Nedere Eiker, Torill Sorte

Gjeldsofferalliansen bekreftar at problemet er aukande. Dette handlar ikkje om nokon finanskrise.

– Veldig mange som ringer hit har kredittkort opp og kredittkort i mente. Desse korta er lette å få tak i, og når renta nærmar seg 30 prosent, er det lett og komme i klisteret, seier leiar Bengt Scheldt.

Leiar for Gjeldsofferalliansen, Bjørn Opsahl

Bengt Scheldt er leiar for Gjeldsofferalliansen.

Foto: Idar Krogstad / NRK

– Kven er det som kontaktar gjeldsofferalliansen?

– Dei kjem frå heile landet og er frå 18-75 år, fortel Scheldt.

Dei fleste er menn

Tendensen med at dei fleste er menn, har dei sett frå dei starta organisasjonen i 1991.

– Alle er veldig fortvila og mange vurderer å gjere slutt på livet for å sleppe unna problema. Dei slit med forsørgerrolla. Ein mann som ikkje er i stand til å forsørge familien, er ingen mann. Der har kvinner det mykje lettare. Dei kan både gråte og betru seg til nokon. Menn gjer ikkje det. Dei går og ber på dette til det kanskje går litt for langt, seier Scheldt.

– Kva seier de til dei som ringjer?

– Me seier at dette er det ikkje verdt! Det finnst ting som er viktigare enn nokon kredittkort og å miste noko av fasaden. Har du familie og barn, så bør du sjå dei vekse opp. Desse inkassobyråa og alle kredittkorta er ikkje verd at du tek ditt eige liv!

Rekordår i fjor

I 2011 var det over 3400 åpne gjeldsforhandlingar i Norge. Det er fleire enn nokon gong.

Leiaren i gjeldsofferalliansen ser at kredittkortselskapa blir fleire og fleire, og dei blir stadig meir agressive. Stadig fleire utanlandske selskap kjem på banen, og han trur Norge må vera den beste marknaden i verda for kredittkort.

– Befolkninga i dette landet har forholdsvis god økonomi, me er framleis blåøygde og naive, og mange av oss kan ikkje rekne renter, påstår Scheldt.