Hopp til innhold

Tannlege: – Eg spør alltid litt ekstra når pasienten har raudt hår

DRAMMEN (NRK): Klarer ikkje tannlegen å bedøve deg skikkeleg? Eller fryser du meir enn andre? Om du har raudt hår kan det vere det mystiske genet melanocortin som gjer deg annleis.

Ida med raudt hår

Ida kjenner seg igjen både i at ho treng meir lokal bedøving både når ho har sydd og trekt tenner hos tannlegen og at ho reagerer meir på smertestillande piller. Ho føler derimot ikkje at ho er veldig følsam for kulde, det er heller motsett.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

– Eg har fått så mykje bedøving at eg har vore heilt lam i ansiktet. Tannlegen har fleire gonger nemnt at eg måtte ha meir bedøving enn dei rekna med og dei har sagt det har vore litt unormalt. Men eg har aldri kopla det til det raude håret før.

Ida Fossen Nomerstad (29) frå Drammen har alltid følt seg annleis med sitt flammande raude hår. Det Ida ikkje har visst, er at genet som har gitt ho det raude håret også kan ha gitt ho andre eigenskapar.

Raudt hår, illustrasjon

Ein reknar med at 1–2 prosent av verdas befolkning har raudt hår. På den nordlege halvkule er talet oppe på mellom 2–6 prosent, medan det er flest i Skottland med 13 prosent.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Reagerer annleis på smerte

Danske forskarar ved universitet i Aalborg presenterte for nokre år sidan ein studie som viste at folk med raudt hår reagerte annleis på fleire typar smerte. Dette var nokre av funna:

  • Er mindre mottakelege for bedøving gjennom huda, men meir mottakeleg for bedøving gjennom blodet.
  • Er meir følsame for kulde.
  • Får meir vondt i tennene og er meir redde for tannlegen.
  • Reagerer meir på smertestillande piller.

Forskarane meinte svaret var genet melanocortin, som styrer raudt hår.

Tek ekstra omsyn til raudhåra pasientar

Tannlege Aline Brecht har heilt frå studiedagane høyrt historiene om at det er vanskelegare å bedøve raudhåra i tannlegestolen på grunn av smerteterskelen deira. Og kjenner seg igjen.

Aline tannlege

Tannlege Aline Brecht i Ålesund har erfaring med at raudhåra pasientar treng meir smertestillande.

Foto: Privat

– Eg har merka meg at dei har ein litt anna smerteterskel enn andre pasientar. Ofte må dei ha litt meir smertestillande enn andre. Me må sjølvsagt ta omsyn til at alle har individuelle behov, men eg spør litt ekstra når pasienten har raudt hår, seier kjevekirurgen og fortel om ein eldre kollega.

– Han er over 70 år gammal og studerte for mange år i Tyskland. Da stod det til og med i ein lærebok for tannhelse at raudhåra har andre og meir behov for anestesi enn andre pasientar. Dette må ha vore for rundt 45 år siden, fortel ho.

Får betre effekt av morfin

Etter at dei danske forskarane presenterte si forskning i 2011 har det kome fleire forskningsrapportar som ikkje har funne dei same skilnadane for raudhåra.

Derfor er professor Audun Stubhaug ved avdeling for smerte ved Oslo universitetssjukehus, framleis litt skeptisk.

– Personleg kan eg godt tru at dette eine genet kan ha litt å seie for smerte, men me må hugse på at det er ingen andre gen som forklarer smerte aleine.

Audun Stubhaug

Professor Audun Stubhaug meiner mellom anna at den danske forskinga har for lite forskingsutval til å kunne seie sikkert at raudhåra reagerer annleis på smerte.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Det er ei samansetning av mange faktorar, og det er lite sannsynleg at eitt gen med unntak av nokre få eksempel, kan ha ei dramatisk tyding, seier Stubhaug som likevel trekkjer fram eit eksempel som er godt vitskapleg bevist.

– Ei gruppe fann ut raudhåra hadde betre effekt av morfin. Det er funnet som står best vitskapleg, meiner han.

Ida er raudhåra

Ida Fossen Nomerstad er i dag stolt av det raude håret sitt, og trur det kan vere noko i det at raudhåra reagerer annleis på smerte.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Håpar dottera får raudt hår

Ida er gravid i åttande månad og kryssar fingrane for at dottera får raudt hår. Rett og slett fordi ho trur på forskinga som gjer dei raudhåra litt annleis.

– Det er jo ein genmutasjon. Så me er jo på ein måte litt X-men-aktige, og det er jo kult, flirer ho og legg til.

– Eg trur det kan ligge noko bak den forskinga.