Hopp til innhold

Går for å få livet tilbake

I tre månader slit åtte rusavhengige seg gjennom Noreg for å gjennomføre ei særs viktig reise. Med dagsetappar på opptil fjorten timar er målet å finne vegen ut. Og få livet tilbake.

Veien Ut

Åtte deltakarar forsøker å kjempe seg ut av rusavhengigheit. I tre månader går dei i opptil fjorten timar om dagen. Målet er Svalbard.

Foto: Jan Schøyen / Veien Ut

Jan Schøyen frå Drammen er leiar for gruppa som no er snart halvvegs på ein krevjande ekspedisjon - på mange måtar.

– Vi har gått til Virvasshytta i Nordland frå Sverige. No har vi vore på tur i fem veker med dagsetappar på seks til fjorten timar. Dette er noko veldig få menneske er i stand til å gjennomføre. Det vankar både stygge blikk og trugslar, men det toler vi når vi ser kva slags meistring det gir. Sjølv om deltakarane ikkje alltid trur på det sjølve, seier han.

Klump i halsen

Stiftinga Veien Ut nyttar naturen i sitt program mot rusavhengigheit. På krevjande ekspedisjonar koplar ein fysisk meistring med terapi. Det er nokre som slit meir med å komme seg opp om morgonen enn andre, men gruppa som heilskap har godt driv, seier Schøyen.

Jan Schøyen

Jan Schøyen frå Drammen leiar ekspedisjonen for stiftinga Veien Ut.

Foto: Jan Schøyen / Veien ut

– Når vi når dagens mål har vi klump i halsen alle saman, Vi gir kvarandre ein klem og får i oss eit godt måltid mat. Så er det full gass dagen etter igjen. Det er heilt rått!

Snøstorm og støle musklar

– Vi gjekk over Børgefjell i snøstorm. Då fekk deltakarane kjenne på kva som bur i dei. Det er særs verdifullt når ein skal ut og leve eit liv utan rus. Vi held fram med denne prosessen når vi kjem heim i september, fortel turleiaren.

No skal ekspedisjonen ut i Svartisen-området for å bli plukka opp av seglbåtar. Dei seglar vidare frå kysten mot Svalbard 15. juli.

– Gruppa gler seg ofseleg, og det blir spanande å kome dit. Men naturopplevinga er allereie stor, avsluttar Schøyen på telefon frå fjellheimen.