NRK Meny
Normal

Gangbru riven ned - riksveg 35 stengd

Ei gangbru er riven ned og sperrar riksveg 35 ved Vikersund. Politiet mistenker at ein lastebil kan ha årsaka skadane. Vegen er no stengd.

Gangbru på riksvei 35

STENGD: Riksveg 35 er stengd etter at ei gangbru kollapsa.

Foto: Vegard M.Aas / Presse 3.0

– Vi er ikkje 100 prosent sikre på at det var lastebilen som reiv med seg brua, men det undersøker vi no, seier operasjonsleiar Thov Torsrud ved Nordre Buskerud politidistrikt.

Den øydelagde gangbrua skal vere gamal og ligg om lag 350 meter frå avkøyringa til Vikersund.

Politipatruljar og brannvesen er på staden. Ein entreprenør er no kalla inn for å fjerne vraket av brua. Inntil det skjer er det omkøyring på den gamle vegen om Vikersund.