Hopp til innhold

Dunjakka di kan redde liv

ÅL (NRK): Veit du kva du gjer om du er fyrst på ein ulukkesstad? Nokre gonger kan ei dunjakke eller eit teppe vere minst like viktig som fyrstehjelp.

Teppe over person. Øving

Å halde den skadde personen varm er noko av det viktigaste redningsfolka gjer når dei kjem til ein ulukkesstad.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Av og til er det einaste du kan gjere å førebygge at personen blir nedkjølt, seier luftambulanselege Sven Christjar Skaiaa.

Påska er høgsesong for luftambulansen i fjellheimen over heile landet. Gjennom eit heilt år flyr dei rundt 7500 pasientar, og for fjellbasane på Dombås og Ål er påska aller mest travel.

Ved inngangen til påske oppmodar Norsk Luftambulanse folk flest til å setje seg inn i kva ein bør gjere om ein skulle kome fyrst til ein ulukkesstad.

I vekene før påske har dei trena spesielt på å halde pasienten varm når dei kjem til ei ulukkesstad.

Øving

I fleire veker har redningsmannskap frå Norsk Luftambulanse trent på ulike situasjonar som kan oppstå. Påska er for dei ein av dei travlaste vekene i året.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Like viktig når det er varmt

– Viss me ikkje er flinke nok til dette, veit me at det vil gå dårlegare med pasientane på sjukehuset. Det er det mange studiar som viser, seier Skaiaa.

Forsking viser at det går dårlegare med pasientar som er kalde og nedkjølte. Nedkjøling gjev auka blødingar og ein alvorlegare skade. Det treng nødvendigvis ikkje å vere på vinteren eller ulukker i kaldt vatn at eit teppe eller ei dunjakke kan vere livsviktig.

– Ein treng ikkje vere alvorleg nedkjølt for at det skal gje dårlegare utfall. Me ynskjer auka bevisstheit på at alle pasientar blir kalde når dei blir behandla utanfor sjukehus, seier Skaiaa.

Sven Cristjan Skaiaa

Sven Christjar Skaiaa er luftambulanselege og meiner også dei kan bli betre på å ha større fokus på å unngå nedkjøling av pasientar utanfor sjukehus.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Dette er ikkje berre viktig for redningsmannskapa. Ofte er det ikkje dei som kjem fyrst til ein ulukkesstad, men den heilt vanlege mannen i gata.

Det fyrste ein må gjere er og sikre skadestaden og varsle naudetatane før ein startar på fyrstehjelp.

Deretter er noko av det viktigaste du kan gjere å hindre at den skadde personen blir nedkjølt.

Hugs på ABC-regelen

– Heilt konkret kan ein pakke inn pasienten i ei dunjakke eller i eit teppe. Ta det du har, om det er eit plaststykke, kan du legge det over så kan det førebygge fordampingstap frå pasienten. Vatn i klede fordampar og trekkjer varme ut frå kroppen. Klarer me å stoppe det vil det kunne hjelpe veldig, seier Skaiaa.

Han nemner ABC-hugseregla som viktig å hugse på om ein kjem til for eksempel ei trafikkulukke.

  • A – Airways - luftvegar
  • B – Breathing - respirasjon
  • C – Cirkulation - sirkulasjon

– For lekfolk kan C også stå for kulde (cold). Me ynskjer å få i bevisstheita til vanlege folk, at å førebyggje nedkjøling er ein veldig viktig del av skadearbeidet.

Må alltid vege behandling opp mot kulde

I mange tilfelle kan behandlinga redningsmannskapa ynskjer å gje gjere pasienten enda meir nedkjølt.

– Jo betre tilgang me ynskjer oss, jo raskare blir jo pasienten kald. Derfor må ein vege det opp mot å halde på varmen til pasienten. Derfor er dette veldig viktig å trene på, seier luftambulanselege, Even E. Bakøy som også er med på øvinga.

Denne dagen skal dei redde ein kvinneleg sjåfør som har kræsja og sit fastklemt i bilen.

Øving - Norsk Luftambulanse

I seks veker har mannskap frå Norsk Luftambulanse hatt store øvingar i Ål i Hallingdal. Luftambulanselege Even E. Bakøy er ein av del som har delte på øvingane.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Ambulansearbeidarane får kjapt lagt eit teppe over kvinna. I dag har dei stort fokus på dette, dei veit at også dei kan bli betre på å halde pasientar varme.

– Eg trur me er veldig gode når me har fokus på at det er kaldt, for eksempel når det er vinter eller det handlar om folk i kaldt vatn. Men eg trur me kan bli betre på å førebygge nedkjøling på folk som ikkje er like kalde, seier Sven Christjar Skaiaa.