Hopp til innhold

Fryktar politikutt

Årets budsjett for politidistrikta er enno ikkje på plass, men allereie no fryktar tillitsvald i Sør-Øst, Stine Benjaminsen Nygård, at budsjettet skal bli så stramt at det kan bli kutta opp mot 90 stillingar i distriktet. Visepolitimeister, Steinar Kaasa, seier at eksempelet dei tillitsvalde viser til er eit kutt dei håper å unngå sidan det er varsla fleire kroner til politiet enn ein først trudde.

Stine Benjaminsen Nygård
Foto: Roald Marker / NRK