Hopp til innhold

Frp gjev KrF Viken-ultimatum

OSLO (NRK): I tolvte time har Frp ombestemt seg og kjem med eit nytt forslag om å stanse arbeidet i Viken. Det legg i enda større grad press på KrF.

Vibeke Limi

Gruppeleiar Vibeke Limi frå Akershus Frp står i spissen for det nye forslaget til Fellesnemnda.

Foto: Gøril Furu / NRK

Det nye forslaget frå Frp presiserer at arbeidet i Fellesnemnda må bli stoppa til KrF har bekrefta at dei støttar regionreforma.

– Det ber preg at dei har eit behov for å ikkje kritisere eigen regjering og står fram som veldig lojale mot eit regjeringsforslag ein eigentleg er i mot, meiner Gjermund Skaar i Akershus SV.

Gjermund Skaar

Gjermund Skaar frå Akershus SV kom det fyrste forslaget om å legge arbeidet på is.

Foto: Gøril Furu / NRK

Må støtte Frp sitt forslag

Det var SV, Senterpartiet og Frp som fyrst kom med det fyrste forslaget om å legge arbeidet i Fellesnemnda på vent. I helga blei Arbeidarpartiet einige om at også dei ville støtte forslaget på møtet i morgon.

Dermed låg alt an til fleirtal for forslaget.

Men dramaet i kulissane var ikkje over.

Vibeke Limi og Frp annonserte i dag at det ikkje vil støtte det opphavlege forslaget likevel og kjem i staden med eit nytt forslag.

– Me kjem ikkje til å støtte det opphavlege forslaget. Om arbeidet i Fellesnemnda skal bli lagt ned må Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet støtte forslaget vårt, seier Limi til NRK.

Ville stengt døra til neste år

Gruppeleiaren frå Akershus meiner føresetnadane har endra seg frå forslaget frå Gjermund Skaar og SV kom og derfor var det behov for å modifisere forslaget.

Ifølgje Limi skulle meldinga om kva slags oppgåver dei nye regionane skulle få kome 15. oktober, men nå kjem det berre forslag på enkelte område, hevdar ho.

– Viss me skulle gått for det opphavlege forslaget ville me faktisk stengt døra nå og ikkje fått opna ho igjen før etter jul. Det meiner me er uforsvarleg, seier Limi.

Den største skilnaden mellom dei to forslaga er at det blir nemnt spesielt at KrF må bestemme seg om dei støttar regionreforma.

– Nå me må vente på KrF. Det er dei som må bli einige seg i mellom om dei ynskjer at Finnmark går ut av regionreforma. Gjer dei det må det få konsekvensar for alle dei andre fylka som er tvangssamanslått og me må få sjå på alternativ.

– Upresist forslag

SV og Gjermund Skaar vil ikkje love at dei kjem til å stemme for det nye forslaget til Frp. Han seier det viktigaste uansett er at det er fleirtal i nemnda for å stanse arbeidet på møtet i morgon. Spørsmålet nå er berre om partia klarer å samle seg om eitt forslag.

Skaar og Limi

Gjermund Skaar (SV) og Vibeke Limi (Frp) stod opphavleg bak same forslag. Nå er det forvirring før avgjerda skal takast i morgon.

Foto: Gøril Furu / NRK

– Eg forstår at Frp ynskjer å vere lojale mot sitt eige parti og regjering. Men dette forslaget er mykje meir upresist. Er det ei Facebook-oppdatering frå Hareide eller eit stortingsvedtak me treng, lurer Skaar på og legg til:

– Det er framleis ein del timar til møtet, så det bør vere mogleg å samsnakke litt.

Flere nyheter fra NRK Buskerud