To dagar før kamp har Strømsgodset framleis 1500 billettar igjen til søndagens cupfinale mot Rosenborg.
Strømsgodset-trenar, Bjørn Petter Ingebretsen, meiner cupfinalen blir spelt alt for seint.
– Det er skisesong og julebord som gjeld i desember, ikkje fotballkamp. Det er i overkant seint, iallfall med tanke på publikum, seier Ingebretsen.
Nesten heilt ledige felt
Drammensarane blei tildelt 6900 av dei 27.000 billettane til cupfinalen på Ullevaal. Dei mest hardbarka supporterane var tidleg ute med å skaffe seg billett, men det er ein type fans som kanskje synest det er litt for hustrig å reise på fotballkamp i desember.
– Til helga er det både advent og den største julebordshelga i sesongen. Da sit det lenger inne å ta turen til Ullevål for meinig mann, seier dagleg leiar i Strømsgodset, Dag Lindseth Andersen.
Han fortel at dei har seld 5400 billettar, men at det framleis er mange ledige plassar.
– Me har igjen nesten eit helt felt med ledige billettar, fortel han.
Norges fotballforbund opplyser at Rosenborg har seld alle dei 8550 billettane dei fekk tildelt. Dei har nå opna for at nøytrale tilskodarar kan kjøpe billettane som er ledige i Godset-svingen.
Tilpassar seg Europa
Strømsgodset får heller ikkje oppfylt ynskje om tidlegare cupfinale neste år. Da blir det cupfinale ei veke seinare enn i år og andre søndag i advent.
– Det er ein ambisjon om å strekke sesongen på toppnivå i Noreg. Det handlar om å vere konkurransedyktige med Europa, da blir også cupfinalehelga enkelte år litt seinare enn det har vore tidlegare, seier kommunikasjonssjef Yngve Haavik i Norges fotballforbund.
Haavik innrømmer at interessa for cupfinalen har vore mindre i år enn tidlegare, men trur ikkje datoen aleine skal ha skulda.
– Me er litt overraska i og med at er RBK og Strømsgodset i finalen. Det kan vere fleire årsaker, det har vore fokus på å halde seg i serien for Godset og Rosenborg har vore i Europa. Men me reknar me at med skal få tilnærma fullt hus.
Treng god støtte frå supporterane
Godset-spelar Herman Stengel forstår at publikum ikkje går mann av huset får sikre seg billett når cupfinalen er i desember.
– Det er kaldt og guffent, så eg ser ikkje bort ifrå at det er med på å påverke salet, seier Stengel som håpar i det lengste at Ullevaal blir fylgd opp med Godset-supporterar.
– Det beste hadde vore om alle dei 6700 billettane våre blei seld, slik at me får best mogleg støtte på søndag.