Hopp til innhold

FpU vil ha pant på snusboksar

LIER (NRK): FpU i Viken vil få folk til å slutte å kaste snusboksar i naturen. Leiar Thomas Klingen meiner ein berre treng ein enkel knapp på kassasystemet til butikkane.

Snusboks i panteautomat

Thomas Klingen ser for seg at butikkane sjølv skal sortere snusboksane som kjem inn.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Du har garantert sett dei. Brukte snusboksar slengt rundt i byen eller i skogen, som eigentleg skal i plastavfallet.

Framstegspartiets ungdomsparti i Viken (Buskerud, Østfold og Akershus) meiner dei har funne løysinga for å få slutt på problemet.

FpU vil slå eit slag for miljøet

– Me tenkjer at det er ein fornuftig måte å slå eit slag for miljøet på. Snusboksar er i dag meir reine og einsfarga, og blir dermed enklare å sortere og gjenvinne, seier leiar i FpU Viken, Thomas Klingen.

Fpu vil ha pant på snusboksar

FpU i Viken vil gjere noko med plast i naturen, og meiner ei panteordning for snusboksar er eit godt forslag for å gjere noko med problemet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Forslaget blei fyrst omtalt i eit lesarinnlegg i Drammens Tidende.

Klingen meiner systemet ikkje treng å koste mykje, og at det ikkje skal meir til enn ein enkel knapp på kassasystema til butikkane og kioskane som sel snus. Ein skal kunne levere snusboksen i kassa, og få tilbake ein liten sum eller avslag i prisen for produktet du skal kjøpe.

Klingen foreslår fem kroner som ein passande pris.

– Med dagens teknologi treng det ikkje å bli så dyrt. Det er eit tastatur i kassasystemet der ein kan legge på ein pantelapp. Men i ein startfase må staten vere med å bidra, meiner Klingen.

Fredrik Jahr i Rema 1000 seier det er mogleg å ha ein slik panteknapp på kassaapparatet, men at det også krev returordingar og logistikk i bakkant.

– Me er positive til tiltak som kan bidra til å redusere plastforsøpling, og me vil fylgje eventuelle vedtak som kjem om retur på snusboksar, seier Fredrik Jahr, kommunikasjonssjef i Rema 1000.

Blir til mikroplast

Kommunikasjonssjef i Renovasjonsselskapet for Drammensregionen, Marianne Holen, synest det er bra at ungdomspartiet kjem med forslag til løysingar på eit stort problem.

Marianne Holen

Marianne Holen i renovasjonsselskapet for Drammensregionen er positiv til alle forslag som kan redusere forsøpling i naturen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Når snusboksar hamnar i naturen blir etter kvart plasten til mikroplast som til slutt hamnar i havet. Det er eit stort miljøproblem. Nå har me ein god ordning i dag ved at snusboksane blir sortert i plastavfallet, men det er positivt om me kan få til ein enda betre gjenvinning, seier Holen.

Hold Norge rent sin strandrydderapport frå i fjor viste at to prosent av søppelet dei plukka i Innlandet var snus og røykepakkar. Ein undersøking frå den svenske snusprodusenten Swedish Match viste at det blir selgt 80 millioner snusboksar i året, noko som tilsvarar 1200 tonn plast.

Vil ha forslaget til Stortinget

Ein gjeng studentar NRK treff på gata i Drammen meiner ein ikkje burde trenge ei panteordning for å unngå og kaste snusboksar i naturen.

– Det høyrtes veldig rart ut. Det burde vere folkeskikk å rydde opp etter seg, seier Guro Sletten.

– Ein ser jo kor mange flasker som ligg slengt rundt omkring, så det spørs om det hjelper, meiner Kristin Rudstad.

Jenter på gata

Kristin Rudstad (frå venstre), Malene Reigstad og Guro Sletten synest ikkje ein bør trenge belønning for å gjenvinne brukte snusboksar.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

FpU Viken vil nå sende forslaget til fylkesårsmøte i Frp og bruke stortingsrepresentantane frå Østfold, Buskerud og Akershus på å få fram forslaget.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen

Flere nyheter fra NRK Buskerud