Hopp til innhold

Fossesholm vil ikkje velje idrett: Jaktar ny medalje i nytt VM

DARBU (NRK): Eit par veker etter at ho slo senioreliten på rulleski, kan Helene Fossesholm ta gull i junior-VM i terrengsykkel. Terrengsykkeldronning Gunn-Rita Dahle Flesjå meiner ho kan satse på begge idrettar i mange år til.

Helene Marie Fossesholm

Etter Blink-festivalen har Helene Marie Fossesholm lagt heilt bort rulleskia og berre trena terrengsykkel før junior-VM i Canada.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Eg får spørsmålet mange gonger og eg har det same kjedelege svaret. Eg veit ikkje og eg har ikkje peiling på når eg skal velje.

Du kjenner kanskje Helene Marie Fossesholm som supertalentet Therese Johaug hyllar som det største skitalentet på lenge. Og såg kanskje at ho slo ho store delar av verdseliten på Blink-festivalen med mellom anna Falla, Østberg og Krista Pärmäkoski på start.

Fossesholm på Lysetbotn opp

Under Blink-festivalen vann Fossesholm fellesstarten over 10 kilometer og slo mellom anna Ingvild Flugstad Østberg og Maiken Caspersen Falla. Under motbakkeløpet Lysebotn opp blei 18-åringen nummer 8.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Men ho har det minst like moro på sykkelen. Og har ingen planar om å velje idrett ennå.

Blir aldri lei trening

– Det gjev meg veldig mykje å drive med begge delar. Eg trur det er godt for meg å ha noko å bytte til og eg blir liksom aldri lei. Eg trur langrenn hjelper terrengsykling og motsett, seier 18-åringen.

Som heller ikkje klarer å velje forbilde. Med 30 medaljar frå VM og EM og eitt OL-gull i terrengsykkel er Gunn-Rita Dahle Flesjå saman med Marit Bjørgen dei to store for Fossesholm.

Flesjå trur ho kan vente i mange år med å ta valet.

Gunn Rita for fullt mot Rio

Landslagssjef Storsæter meiner Fossesholm har føresetnadar til å bli ein ny Gunn-Rita Dahle Flesjå. Flesjå sykla sitt siste VM i fjor haust.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

– Så lenge ein er bevisst med å ikkje gå over streken, så er det såpass to like idrettar at eg trur eg det berre er plussar å kombinere. Eg trur ikkje ho har vondt av å satse begge idrettar opp til 23-årsklassen (U23-meisterskap i sykkel), seier den pensjonerte terrengsyklisten og legg til:

– Da blir det nok vanskelegare og satse fullt på begge idrettar. Iallfall viss du blir ein av dei beste, og du har sponsorar og eit profflag du skal bidra for.

I langrennsleiren er dei derimot meir skeptisk. Landslagstrener for kvinnene Ole Morten Iversen trur Fossesholm bør ta eit val når ho nærmar seg senioralder.

– Fram til nå har det vore uproblematisk, men eg trur nok at når ho nærmar seg senioralderen blir det vanskeleg å kombinere to slike idrettar. Mest med tanke på konkurranseprogrammet, seier Iversen.

Er det umogleg å kombinere på toppnivå?

– For å bli verdas beste langrennsløpar trur eg det er vanskeleg å kombinere med andre idrettar.

– Må balansere og bruke fornuft

Sjølv veit ikkje jenta frå Vestfossen kor lenge det kan vere mogleg å kombinere dei to idrettane. Men avviser ikkje at det kan vere mogleg å satse på begge idrettane også som senior.

Fossesholm på sykkel

Heime i Øvre Eiker har Helene Marie Fossesholm lagt grunnlaget for å kunne kjempe om nye medaljar i junior-VM. Tidlegare har ho tatt medalje i junior-EM på sykkelen.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Eg trur det er mogleg, men om det er noko eg skal, det veit eg ikkje. Eg kjem til å velje det som kan gje meg mest i framtida der og da.

Landslagssjefen i terrengsykkel meiner det berre er positivt at Fossesholm satsar like mykje på ski som på sykkel.

– Om me rundt ho er flinke til å balansere og bruke fornuft trur eg ho kan halde fram lenge. Trur ikkje ein skal seie at det ikkje er mogleg, så lenge ho synest det er gøy og det gjev henne energi, meiner Eddy Knudsen Storsæter.

Medaljefavoritt i Canada

På torsdag er ho ein av medaljefavorittane i junior-VM i terrengsykkel i Canada, eit halvår etter at ho tok tre medaljar i junior-VM i langrenn mot to år eldre utøvarar.

– Ho blei akkurat nummer to i eit stort ritt i Austerrike. Det er absolutt mogleg å kjempe om gullet, seier landslagssjef Storsæter.

Landslagssjef terrengsykling

Eddy Knudsen Storsæter vil ikkje presse Fossesholm til å velje idrett og trur ho kan halde på både med langrenn og terrengsykkel i mange år til.

Foto: Anne Rognerud / NRK

– Viss alt klaffar og eg har ein god dag trur eg kan kjempe i toppen og kanskje om gullet. Medalje er heilt klart målet, seier ho sjølv.