Hopp til innhold

Forskar om Qatars Kongsbergavtale: – Vil vise verda makt

I Kongsberg jublar dei over 15.000 nye arbeidsplassar med den nye avtala med Qatar. Mens Audun Lysbakken er skeptisk til at Noreg bidreg til diktaturets prosjekt om å vise verda musklar.

Kongsberg Gruppen signerer milliardavtale med Qatar

Kongsberggruppen offentleggjorde i dag avtala med Qatar som kan ha ein verdi på 15 milliardar kroner dei neste åtte åra.

Foto: Kongsberg Gruppen

– Eg har blanda kjensler for denne avtala her. Qatar er eit undertrykkande diktatur. Me meiner me ikkje skal selje våpen til slike diktatur, seier SV-leiar, Audun Lysbakken.

– Her lagar Kongsberggruppen arbeidsplassar basert på eit samarbeid med eit autoritært regime som undertrykker sin eigen befolkning. Er det slike arbeidsplassar me ynskjer? spør leiar i Changemaker, Tuva Krogh Widskjold.

Audun Lysbakken med Katja Kipping fra tyske Die Linke

SV og Audun Lysbakken meiner ein må tørre å ta debatten om Noreg skal inngå slike avtaler med eit land som Qatar, sjølv om det gjev fordelar for norske verksemder.

Foto: Christian Lura / NRK

– Har verdas strengaste regelverk

Milliardavtala som blei klar i dag kan gje opp mot 15.000 nye arbeidsplassar for Kongsberggruppen. Den historiske avtala vil også gje store ringverknadar for underleverandørar rundt om i landet.

Norsk industri ser ikkje på avtala med Qatar som etisk vanskeleg.

– Nei, fordi me har verdas strengaste regelverk. Det som er viktig at denne teknologien som me utviklar her, brukar dei også sivilt og i anna industri. Dette er kjempebra, seier direktør i Norsk Industri, Knut Sunde.

Nexter vehicle - Kongsberg Gruppen

Fyrste del av avtala gjeld blant anna tårnløysingar til 490 pansra køyretøy frå den franske produsenten Nexter.

Foto: Kongsberg Gruppen

Avtala ser også SV ein del positivt i. Lysbakken ser blant anna potensial knytt til digitalisering. Problemet er landet avtala er inngått med.

– Eg vil åtvare mot å gjere Qatar til ein stor handelspartnar for Noreg. Det er den delen av avtala det er behov for å sjå grundigare på. Qatar er eit land med ein vond og lang historie når det gjeld menneskerettsbrot, undertrykking av kvinner og framandarbeidarar, seier Lysbakken.

Ikkje tilfeldig at dei vel eit norsk selskap

Rania Maktabi er førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold og Midtausten-forskar. Ho meiner at Qatar vil vise verda musklar med ei slik avtale.

– Qatar ynskjer å vise storebror Saudi-Arabia at dei har midlar til å kjøpe våpen. Dei viser musklar med dette avtala og viser verda at dei har pengar til å ruste opp.

Rania Maktabi

Rania Maktabi er statsviter og har doktograd i Midtauste-studier. Ho har gjort feltarbeid i Qatar og fleire av nabolanda.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Maktabi meiner det er langt frå tilfeldig at dei inngår eit samarbeid med norsk selskap.

– Myndigheitene har vald Noreg som har ein fredselskande profil med omhug. Dei er ikkje i krig nå, men er framleis i ein konflikt med blant anna Saudi-Arabia som har vart sidan juni 2017. Dei vil vise at dei er proaktive og at dei gjer noko, seier Maktabi.

Forskaren understrekar at Kongsberggruppen har sitt på det tørre og at sidan Qatar ikkje er i krig bryt ikkje salet premiss for våpensal.

– Men etisk sett er våpensal til ein slik konfliktfylt region er alltid problematisk. Til dømes er nabolandet Saudi-Arabia i krig og har innført blokade mot Qatar.