Hopp til innhold

Førebur seg på Kripos-etterforsking

Brannmannskap sjekkar torsdag morgon ruinane etter brannen i Hemsedal statlege mottak for varme. Dette gjer dei for å førebu jobben Kripos skal gjere, og bruken av brannhund.

Varmekamera på branntomta i Hemsedal

Brannmannskap saumfer brannruinane i Hemsedal etter varme. Dei bruker spesialkamera som viser varmeutvikling.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Før klokka to natt til onsdag tok det fyr i ein eldre del av Hemsedal statlege mottak. Administrasjonsbygget og eit kjøkken som ikkje var i bruk brann ned til grunnen. Det var kaotiske tilstandar då 162 flyktningar måtte evakuere. Blant dei var fleire born.

På grunn av storleiken på brannen, og dei mange som var råka, har Nordre Buskerud politidistrikt kalla inn Kripos for å etterforske brannårsaka.

Regionlensmann i Hallingdal, Inger Lill Lanes, seier til NRK at det og er omstenda rundt brannen som gjer at Kripos blir kopla på brannetterforskinga.

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

Regionlensmann i Hallingdal, Inger Lill Lanes, seier det førebels ikkje noko som tyder på at brannen vart påsett.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Vi går ut breitt i etterforskinga, og kan ikkje sjå bort frå nokon årsak til brannen. Det er klart at vi tar med oss brannane i asylmottak i Sverige når vi ser på det som skjedde i Hemsedal i natt. Men det er ingenting som førebels tyder på at den er påsett, seier Lanes.

Sjekkar at brannruinane er kalde

Brannen i Hemsedal

Brannvesenet lét heile bygget som tok fyr brenne ned. Brannmurane mot den delen kor flyktningane budde hindra brannen i å spreie seg.

Foto: Hallgrim Ødegård

Torsdag morgon går brannmannskap rundt på branntomta og søker med varmekamera. Dette gjer dei fordi brannhunden til Kripos ikkje kan snuse rundt i ruinane når det er varmt der.

Klokka åtte i dag tidleg hadde politiet eit møte kor dei truleg diskuterte korleis den vidare etterforskinga skal skje. Kripos er endå ikkje på brannstaden.

Leiaren for Hemsedal statlege mottak, Gry Herland, seier i dag til NRK at dei 162 flyktningane som vart råka av brannen førebels er plasserte i tre ulike lokale. Jobben med å finne ei permanent løysing skal snart vere i mål.

Inngangen til det relativt uskadde bygget kor dei haldt til er nemleg delvis gjennom det øydelagde administrasjonsbygget. Mykje tyder på at brannen starta i eit eldre kjøkken i tilknyting til administrasjonsbygget. Kjøkkenet er eit gamalt hotellkjøkken, og har ikkje vore i bruk.

– Det har vore reparasjonsarbeid på det elektriske anlegget i kjøkkenet i den seinare tida. Men vi konkluderer ikkje i noko som helst retning, seier Lanes.

Det er uvisst kor lang tid etterforskinga av brannårsaka kjem til å ta.