Hopp til innhold

Førebur seg på flyktningstraum

Dei tilspissa konfliktane i verda den siste tida, gjer at UDI førebur seg på kraftig auke i talet asylsøknadar i sommar. Hvalsmoen transittmottak doblar no kapasiteten.

Hvalsmoen transittmottak 1

Den tidlegare militærleiren Hvalsmoen på Ringerike er tatt i bruk som transittmottak. Fleire ubrukte bygningar og mellombels brakker må no takast i bruk for å huse asylsøkarar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Telefonen kimar i eitt på kontoret til mottaksleiar Tove Brorson. I løpet av få veker skal nye medarbeidarar på plass, brakker skal settast opp og gamle bygg vaskast ned. Medan det i dag bur 400 menneske på Hvalsmoen transittmottak, skal kapasiteten aukast til 700.

Konfliktar frå heile verda finst her

Hvalsmoen transittmottak 3

I dag er det 400 vaksne og barn på transittmottaket. I sommar kan det bli opp til 700 som bur her.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Utanfor vindauget mitt ser eg ei verd. Det er 20–30 nasjonalitetar her. Eg ser konfliktar, eg ser folk som har hatt stor liding i livet sitt og eg ser nesten krigshandlingar. Eg ser eit stort spekter av verda her inne på Hvalsmoen, seier mottaksleiar Brorson.

I sommar kan straumen av asylsøkarar til Noreg bli større enn på fleire år. På grunn av den tilspissa konflikten i Irak, den pågåande krigen i Syria og situasjonen i utsulta Eritrea – har straumen av flyktningar allereie kome til Europa i vår. Men det har vore relativt få som har reist vidare til Noreg så langt. Det ventar Utlendingsdirektoratet vil endre seg.

Avdelingsdirektør Christine Wilberg har spurt mottaka på Austlandet om å auke kapasiteten, for å vere budd:

– Straumen av asylsøkarar til Europa har starta mykje tidlegare i vår enn tidlegare år. Det er fleire land, som Nederland, Tyskland og Sverige som har merka ei kraftig auke i talet flyktningar over lang tid, fortel ho.

Les meir:

Brakker snart på plass

Tove Brorson

Mottaksleiar Tove Brorson forsøker å plassere folk som går godt saman i firemannsromma.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

UDI si prognose er 11 000 asylsøkarar i år, men det er slik at særs mange kan kome til Noreg på kort tid. Difor vil det krevje mykje av transittmottaka, hovudsakeleg på Austlandet. På Hvalsmoen i Ringerike skal eit tjuetals brakker reisast på den asfalterte plassen kor soldatar tidlegare marsjerte.

– Det blir bra standard, med innlagt vatn. Og no har vi leigd inn eit selskap for å stå for reinhaldet, slik det blir betre forhold enn tidlegare, seier mottaksleiaren.

I fjor var det òg spådd ei kraftig auke i asylsøknadar i løpet av sommaren, då blei toppen mindre enn venta. Det er teikn på at den urolege situasjonen i verda kan gjere at straumen faktisk kjem i år.

Konfliktløysaren frå Eritrea

Abdulkadr Idris

Abdulkadr Idris frå Eritrea var sjølv asylsøkar for få år sidan. No jobbar han på Hvalsmoen og bidrar til å løyse konfliktar mellom bebuarane.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Abdulkadr Idris kom sjølv som asylsøkar frå Eritrea i 2008. Han fekk asyl. Dei tre siste åra har han vore tolk og konfliktløysar for bebuarane på Hvalsmoen. Det kjem godt med at han snakkar fleire språk.

– Dei som kjem har mange spørsmål. Dei spør og spør, nesten som barn, smiler han. Ofte må han løyse konfliktar mellom bebuarane.

– Vi stoppar krangelen der og då, så tek vi dei med til ein roleg stad og snakkar

Hvalsmoen transittmottak 2

Det at både asylsøkarar som har fått avslag, har fått opphald og skal sendast ut av landet er samla i den tidlegare militærleiren skaper konfliktar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

saman til situasjonen er roa ned. Det er viktig å vere tolmodig. Og så fortel vi dei om at vi har reglar og lover i Noreg, og at dei fungerer. Det er det mange som ikkje er vande med, fortel Idris.

– Blir gjerne skuffa

Mange asylsøkarar har høyrt at Noreg er verdas rikaste land. At alle har det godt her. Difor blir nedturen desto større når søknaden blir avslått.

– Det kjem både menneske med enorm liding i bagasjen og personar som søker lykka og rikdommen i Europa. Når dei innser at det ikkje er sjølvsagt at dei får bli, aukar frustrasjonen, seier Tove Brorson.

– Det er ikkje ideelt at så mange skal bu på Hvalsmoen. Nokre ventar i eit halvt år medan dei veit dei skal ut av landet. Men mottaket er eit av dei som er mest eigna til å huse så mange, så då må vi berre ta den utfordringa, seier ho.

Medan ho håper spådommane om flyktningstraumen i sommar ikkje slår til.


Flere nyheter fra NRK Buskerud