NRK Meny
Normal

Førarkortet beslaglagt etter ulukke

Politiet melder at tre personar er skadde etter ei bilulukke i Loesdalsveien i Øvre Eiker. Ulukka skjedde i samband med forbikøyring.

Ulykke Loesdalsveien

Tre personar er skadde etter ei ulukke på Fylkesveg 51 måndag ettermiddag.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Ein mann i trettiåra frå Øvre Eiker har fått sertifikatet beslaglagt, ifølgje politiet.

– Kollisjonen skjedde truleg ved at føraren som sto for forbikøyringa kolliderte med bilen som kom i mot, i motsett køyreretning, seier operasjonsleiar Truls Fjeld ved Søndre Buskerud politidistrikt.

Ulykke Øvre Eiker FV51

Føraren av den eine personbilen i ulukka fekk førarkortet beslaglagt etter ei forbikøyring.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Fylkesveg 51 Loesdalsveien er no opna igjen etter bilulukka, som skjedde i 16-tida måndag. Politiet melder at tre personar er skadde etter frontkollisjonen mellom dei to personbilane. Dei skadde er sendt til Drammen sykehus.

Pressevakta i Vestre Viken helseforetak melder at tilstanden for dei tre skadde er stabil og vert vurdert som ikkje alvorleg. Dei blir liggande på sjukehuset til observasjon.