Alt i alt vart det registrert 136 brunbjørnar i Noreg i fjor. Nye kull med bjørneungar er vanskelege å registrere i felten, og derfor må talet reknast ut, opplyser Rovdata. Etter overslaga vart det født seks kull i fjor.
– Stortingets bestandsmål på 13 årlege bjørnekull i Noreg er derfor ikkje nådd, slår fagansvarleg Henrik Brøseth i Rovdata fast.
Det vart påvist 53,5 familiegrupper med gaupe, noko som er godt under målet på 65 gaupefamiliar. Den eine gruppa er registrert som ein halv familie fordi han òg streifar innom nabolanda våre i aust.
Det vart registrert 73–74 ulvar innanfor Noregs grenser. Av desse er 34–36 berre observerte i Noreg. To nye kull vart født i Noreg.
– Stortinget har slått fast eit bestandsmål på tre ulvekull innanfor ulvesona kvart år, og bestandsmålet er derfor så langt ikkje nådd, seier Brøseth.
Blant jerv vart det påvist 52 kull. Etter jakta var det 40 kull igjen. Bestandsmålet på 39 årlege ungekull vart dermed nådd.