NRK Meny
Normal

Tenåringar synest det er kult å reise på ferie med foreldre

DRAMMEN (NRK): Dagens tenåringar synest det er heilt topp å reise til Syden og andre feriar med foreldra sine. – Ein klar trend dei siste åra, seier reiseselskap.

Ungdom stupar

Dei siste åra har reiseselskap opplevd 10–15 prosent fleire bestillingar frå familiar med tenåringar. Dei reiser oftast til land som Hellas og Kroatia, men også lengre turar som Thailand og Dubai.

Foto: oneinchpunch / Getty Images/iStockphoto

– Eg føler ikkje eg er heilt gammal nok til å reise på ferie aleine enda, og det er veldig koseleg å vere med familien, seier Malin Faye Solvang (17).

– Pappa er som bestevenen min

Malin seier det alle ungdomar me treff i Drammen denne sommardagen seier. Ho skal på ferie med familien (på bubilferie til Italia med mor, far og bror) og det er ho i grunn ganske glad for.

Malin og Andrea

Malin Faye Solvang og Andrea Rinde skal på familieferie til Italia og Spania i sommar. Begge vil reise på ferie med familien så lenge som mogleg.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

I dag syklar Thea Ulriksen Siegwarth (17) rundt i byen med vener, men ho gler seg like mykje til noregsferie med familien i sommar.

– Foreldre har kanskje begynt å skjønne meir av ungdomen. Eg er veldig tett med pappa for eksempel, me er som bestevener, smiler Thea.

Vil ha større leilegheiter

Fleire reiseselskap NRK har snakka med har merka trenden dei siste tre-fire åra. I Apollo hadde dei ein auke på 12 prosent frå 2016 til 2017 av bestillingar frå familiar med tenåringar.

I år er auken på 15 prosent.

– Me har veldig stor etterspurnad etter reisemål som har noko for alle. Kundane vil sikre seg at alle har noko å gjere på tur, både barn, ungdom og vaksne. Foreldra er også ute etter større leilegheiter der tenåringane får eigne rom.

Apollo-kommunikasjon

Beatriz Rivera trur dagens foreldre er meir eventyrlystne og reiser på ein anna måte enn før.

Foto: Apollo

– Det er absolutt ein trend at ungdom blir med foreldre på ferie i større grad, seier kommunikasjonsansvarleg i Apollo, Beatriz Rivera.

Ving har opplevd den same auken i bestillingane dei siste tre-fire åra. Til nå i sommar har dei ein auke på fire prosent frå i fjor.

– Me ser på tala våre at det har blitt ein trend. Det er fleire og fleire storfamiliar som reiser på tur, seier administrerande direktør i Ving, Christian Grønli.

Strandvolleyball

Mange familiar vil vere meir aktive på ferie. Ifølgje Apollo er det ikkje nok med soling stranda, dei vil ha aktivitetar som passar for heile familien.

Foto: Illustrasjonsbilde / Apollo

Meir fornøgd med foreldra sine

Kvifor er det ikkje like vanskeleg å få med tenåringar på ferie som det var før?

Ungdomsforskar i NOVA, Ingrid Smette ser fleire grunnar, men tala frå Ung Data-undersøkinga viser tydeleg at forholdet mellom ungdom og foreldre berre har blitt betre og betre.

– Ungdom ser på mange måtar ut til å bli meir og meir fornøgd med foreldra sine. Dei seier dei er glade i å vere saman med dei og forholdet er mindre konfliktfylt enn me har sett tidlegare, seier Smette og legg til.

– Og når ungdom og vaksne trivst så godt i lag, er det naturleg at dei også reiser meir på ferie saman.

Ingunn Smette

Ungdomsforskar Ingrid Smette ser fleire grunnar til at ungdom ferierer meir med familien enn før.

Foto: Oslo MET

Sosialantropologen fortel også at foreldre skildrar forholdet til sine barn som nærare enn dei hadde til sine foreldre.

– Foreldre er nok meir innstilt og opptekne av at ungdom skal like å vere saman med dei.

Får oppleve ting saman

Det har foreldra til ungdomane NRK trefte i Drammen tydelegvis lykkast med. Ørjan Kjos (19) har planar om sydentur med mor og syster.

– Nå som eg er student er det heilt gull med ein tur til utlandet som mamma betalar, smiler han.

Andrea Rinde (17) skal til Spania på familietur.

– Ein får sett kvarandre i ein litt anna situasjon, og opplevd andre ting saman. Det er veldig fint.