Hopp til innhold

Fleire og fleire vel tog på jobbreise: Hilde reiste frå Oslo til Italia

20 prosent fleire nordmenn har tatt tog i staden for fly på jobbreise i år. Hilde Chapman tok toget da ho skulle på konferanse i Cremona i Italia.

Hilde reiser på jobbreiser med tog

Hilde Chapman er fiolinist og brukar ofte toget på jobbreise.

Foto: Azad Razaei / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var eigentleg todelt. Eg ville ha tid til å lese meg opp før konferanse, samtidig som eg ville vere miljøvenleg.

Hilde Chapman frå Sylling i Lier er fiolinist og kulturskulelærar, og har reist på jobbtur til både Italia og Berlin det siste året. Begge gonger har ho vald toget framfor fly, sjølv om det ofte tek ein ekstra dag.

Togutsikt

Den verste etappen er unnagjort når ein kjem til Nord-Tyskland, der har toga ein heilt anna hastigheit. Chapman sov seg gjennom Tyskland og vakna i sveitsiske Basel dagen etter at ho reiste frå Oslo.

Foto: Privat

– Flyturen frå Oslo til Milano er ikkje lang, men mentalt føler eg heile dagen går. Ein må reise tidleg for å vere eit par timar før flyet går og ein må kome seg frå flyplassen og inn til byen når ein kjem fram, seier ho og legg til:

– Med toget brukte eg berre ein halv dag ekstra og fekk jobba mykje undervegs, fortel Chapman.

Flest kvinner som vel toget

Tal frå reisebyrået Berg-Hansen viser ein oppgang på 20 prosent på jobbreiser på tog i fyrste kvartal i 2019.

– Me har merka det veldig godt dei siste åra og spesielt nå i 2019 at tog kjem oftare opp som alternativ når ein skal på jobbreise, seier kommunikasjonssjef i Berg Hansen, Anette Malthus Kofoed.

Anette Kofoed, Berg-Hansen

Reisebyrået Berg-Hansen vil jobbe for at det skal bli like enkelt å bestille togbillettar som fly ut av landet.

Foto: Berg-Hansen

Dei opplever at det for mange er klimaomsyn som gjer at dei vel tog framfor fly, men at det ikkje er den einaste grunnen.

– Mange opplever at det er behageleg å ta toget, ein slepp inn og ut av sikkerheitskontrollar og møte opp tidlegare på flyplassen. Mange brukar også nattoget og kan vakne opp å gå rett i møte, i staden for å stå opp grytidleg for å rekke eit fly, seier Kofoed.

Reisa til fiolinisten Hilde gjekk frå Oslo via mellom anna Hamburg, Basel og Milano. Men dei fleste tenestereisene går mellom dei store norske byane. Oslo-Trondheim er den mest populære strekninga, viser tala til Berg Hansen.

Tog til Stockholm er også i ferd med å vere ein ordentleg konkurrent til flyet på arbeidsreiser.

Må legge betre til rette

Kommunikasjonssjef i Kongsberggruppen, Ronny Lie fortel at dei har merka at fleire tek tog og at temaet tenestereiser på skjener har vore oppe til diskusjon

– Det har ikkje vore ei problemstilling hos oss enda, men me som bedrift jobbar kvar dag for å minske fotavtrykket vårt. Derfor vil dette vere eit tema framover. Eg trur både norske bedrifter og togselskapa har eit stykke å gå på når det gjeld å legge til rette for å reise miljøvenleg på jobb, seier Lie.

Ikkje problem for arbeidsgjevar

For Chapman var det ikkje problem å få lov til å reise «saktare» langs bakken av arbeidsgjevar, som i dette tilfelle var Oslo kommune.

– Det gjekk fint og eg hadde ingen problem med det. Dei sette inn vikar for meg ein ekstra dag sidan eg måtte reise før. Eg skulle gjerne reist heim igjen med tog også, men det blei dessverre vanskelegare.

– Det som tok mest tid var å planlegge reisa, det finst jo ingen løysing der ein kan bestille heile reisa som ein kan med fly.

Reiseruta til Hilde Chapman

Framover vil fiolinisten alltid ta tog innanlands og også utanlands om det let seg gjere.

– At eg ikkje tok fly ned til Italia løyser jo ikkje klimaproblema, men det er jo noko av det kvar og enkelt kan gjere som kuttar CO₂-avtrykket mest.

Fiolinkonferanse

Vel framme i Cremona, like utanfor Milano på ein årleg strykarkonferanse som samlar musikarar frå heile Europa.

Foto: Privat