Hopp til innhold

Får ny kyrkje

Hol kommune kan kome til å løyve pengar til Geilo kyrkjesenter.

Folkemøte Geilo
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Etter eit informasjonsmøte på Geilo i går kveld har mange skifta meining.

Det betyr at Hol kommune likevel kan kome til å løyve pengar til det nye Geilo Kirkesenter. 

Går inn for kyrkja

Tidlegare turistsjef og kommunepolitikar, Ulf Kløve, er ein av dei som nå går inn for å bygge den omstridde kyrkja som vil koste over 70 millionar kroner.

I førre veke sa formannskapet i Hol kommune nei til å bygge kyrkja.

Det vedtaket var samrøystes.

Geilo kyrkje for liten

Informasjonsmøtet på Dr. Holms hotell der forkjemparane for kyrkja orienterte politikarar og andre som var møtt fram blir truleg avgjerande for utfallet på kommunestyretmøtet torsdag.

Her skal politikarane velje mellom om dei vil bygge den nye kyrkja eller ikkje.

Geilo kyrkje som blei bygt i 1890 er for liten, og geilingane vil difor bygge ny kyrkje. 

 

Geilo kirke
Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Flere nyheter fra NRK Buskerud