NRK Meny
Normal

Øvingsgranat levert inn som avfall - miljøstasjon sperra av

Lindum gjenvinningsanlegg i Drammen blei i 15-tida torsdag sperra av etter funn av ein granatliknande gjenstand. Det viste seg å vere ein øvingsgranat som blei levert inn – som spesialavfall.

Lindum renser jord

Det vart slått full alarm då ein granatliknande gjenstand blei oppdaga på Lindum gjenvinningsanlegg torsdag.

Foto: Lindum

– Hendinga vart tatt på alvor, men då politipatruljen kom til staden viste det seg raskt at det ikkje var ein ekte handgranat, men ein øvingsgranat, seier operasjonsleiar Erik Gunnerød ved Søndre Buskerud politidistrikt.

Levert inn som spesialavfall

Det viser seg at granaten vart levert inn som spesialavfall og plassert saman med fyrverkeri og liknande farleg avfall. Der stod den før den blei oppdaga.

– Det er no heilt udramatisk og gjenvinningsanlegget er opna, fortel Gunnerød. Det var personale ved Lindum som sjølv stengde av området.

Politiet tok hand om øvingsgranaten.