Hopp til innhold

Falt fem hundre meter utan fallskjerm - overlevde

Då flyet vart skote ned døde dei første ni allierte soldatane i okkupasjonen. Den tiande falt fem hundre meter mot bakken. Og vart funne i livet av ein skogsarbeidar i Buskerud. Sjå det legendariske opptaket kor dei møtast igjen i 1972.

Falt 500 meter uten fallskjerm

Eit britisk rekognoseringsfly som 9. april 1940 kom i kamp og blei skote ned av tyske jagarfly, styrta i Finnemarka ved Holsfjorden. Av mannskapet på ti overlevde berre Ogwyn George etter eit fritt fall på 500 meter, utan fallskjerm. George landa i grantre og djup snø, og blei redda av skogsarbeidar Johan T. Bråthen.

Markering 9. april

I dag heidra mange dei omkomne britiske flysoldatane som døde 9. april. Dei er gravlagde på Sylling i Buskerud.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Dei ni omkomne var dei første allierte soldatane som falt i kampen om Noreg.

Over ser du då legendariske Erik Bye førte George og Bråthen saman for første gang i 1972. Då hadde dei ikkje sett kvarandre sidan 9. april 1940.