Hopp til innhold

Falsk hjemmehjelp lurte eldre kvinne

Ei utanlandsk kvinne påstod at ho jobba for kommunen og skulle ta ei prøve, då ho ringde på hjå ei 82 år gamal kvinne i Drammen. Etterpå oppdaga den eldre kvinna at smykke og verdisaker var borte.

– Dessverre gjekk det halvanna time før vi fekk beskjed, så vi har lite å gå etter, fortel operasjonsleiar Kjell Reidar Johansen ved Søndre Buskerud politidistrikt. Han synast det er trist at folk kan stele frå eldre, godtruande menneske.

Brukte plaster som tjuvtriks

Den falske heimehjelpa påstod at ho kom på vegner av Drammen kommune og skulle ta ei celleprøve. Dette måtte skje på badet. Ho plasserte eit plaster på arma til den eldre kvinna og fjerna så det.

Så forlét kvinna, som snakka gebrokkent norsk, leilegheita. Då 82-åringen kom ut i stova merka ho at smykke og verdisaker var stjole. Det får politiet til å tru at det var fleire involverte i tjuveriet:

– Det har nok vore ein medhjelpar inne i biletet. Vi må berre oppmode alle som får besøk på døra av folk som seier dei har eit ærend og vil inn, om å vere skeptiske. Er du i tvil, ring politiet, seier operasjonsleiar Johansen.

Politiet gjer fredag kveld undersøkingar i leilegheita til den 82 år gamle kvinna.