Honorarkomiteen i Drammen går inn for at ordførarløna i kommunen skal være 85 prosent av løna til statsrådane.
I helga blei det klart at rådmannen foreslo at ordførar Tore Opdal Hansen skulle tene like mykje som regjeringsmedlemane, litt over ein komma ein million kroner.
- Det ville vore ei for høg løn, seier leiar i honorarkomiteen og varaordførar i Drammen, Tove Paule.
Måndag gjekk honorarkomiteen inn å auke løna til ordføraren med 150.000 kroner til 954.000 kroner.
Paule meiner ordførarløna må gradvis oppjusterast slik at den kjem på nivå med kommunar det er naturleg å samanlikne seg med.
For høg lønsauke
Fagforbundet i Drammen er heilt ueinig i at ordførar Tore Opdal Hansen skal få nesten 150.000 kroner i lønsauke.
Leiar Elisabeth Schjenken Arntsen, som representerer 1400 medlemmar i kommunen, seier at ein slik lønsauke er langt høgare enn det andre kommunetilsette får.
- Som leiar av fagforbundet så meiner eg dei tilsette i kommunen gjer ein god jobb for å tilfredstille den kvaliteten som blir stilt til den tenesta kommunen skal gje til innbyggarane, seier Schjenken Arntsen.
Ho viser til at dei tilsette i fleire år har måtta tilpasse seg økonomien i kommunen, og det betyr at dei tilsette må gje dei same tenestene og gjerne litt fleire med ei mindre økonomisk ramme.
- Det betyr at dei må jobbe kjempehardt for å nå dei måla som er sett av politikarane, seier Schjenken Arntsen.
Det er til slutt bystyret i Drammen som vedtar lønsauken til ordførar Tore Opdal Hansen.