Hopp til innhold

Færre arbeidslause

Arbeidsløysa blant ungdom går ned i Buskerud, melder NAV. I Buskerud var det registrert 3 746 heilt arbeidslause personar i alle aldersgrupper i august. Det er ein nedgang på 7 prosent frå i fjor. Arbeidsløysa for heile Noreg gjekk ned med 13 prosent samanlikna med same tidspunkt året før, og var på 2,7 prosent av arbeidsstyrken. Den største nedgangen var innan ingeniør- og ikt-fag, i bygg- og anleggsbransjen og innan butikk- og salsarbeid.

Flere nyheter fra NRK Buskerud