NRK Meny
Normal

Evakuerte etter slangebesøk

Frisøren skulle berre slå av alarmen og opne salongen som vanleg, då sjokket slo inn. På golvet bukta ein passe feit slange seg. Brannvesenet blei kalla inn.

Buorm

Det var ikkje kvardagskost for frisørane å finne ein buktande slange inne i salongen.

Foto: Røyken Brann og Redning

– Den blei veldig sint då vi prøvde å fange den, den kveste mot oss og beit etter spada vi hadde med oss, fortel Lars Erik Bjørnstad, utrykingsleiar i Røyken Brann og Redning.

Kom inn med uteplanten

Etter kraftig regnvêr valde dagleg leiar ved Best Frisør i Slemmestad, Hanne Johansen, å ta inn planten som stod utanfor frisørsalongen i går kveld. Det er nok slik slangen kom inn i lokalet. Då ein av dei tilsette skulle opne salongen i dag tidleg, gjorde ho som vanleg og gjekk for å slå av alarmen.

– Ho fekk nok litt av eit sjokk, flirer Johansen.

Frisørsalongen tilkalla brannvesenet, som møtte ein tom salong med fleire tilsette ståande utanfor.

– Dei evakuerte då dei oppdaga slangen, som truleg var ein buorm, seier utrykingsleiaren.

Kan bli ein meter lang

Buorm

Det var ikkje kvardagskost for frisørane å finne ein buktande slange inne i salongen.

Foto: Røyken Brann og Redning

– Vi fekk lurt den opp i ein søppelsekk og har no sett den fri i skogen, fortel han om det uvanlege oppdraget.

Buorm

Røyken Brann og Redning sette slangen fri i skogen, etter ein aldri så liten kamp for å få den inn i søppelsekken.

Foto: Røyken Brann og Redning

Buormen er den lengste av slangane i Noreg, og kan bli opptil ein meter lang. Den kan bite, men er ikkje giftig. Den lengste buormen som er rapportert her til lands var 135 cm lang.

– No er vi i gang med dagens arbeid, vi har litt å ta att, seier dagleg leiar Johansen. Som rapporterer til NRK mens latteren framleis rungar i bakgrunnen av frisørsalongen.

(Kjelde NRK/Wikipedia)