Hopp til innhold

Derfor smiler rundballane langs vegen

MODUM (NRK): Barnekreft er ei kreftform som ofte blir usynleg og nedprioritert, meiner Barnekreftforeininga. Ella Elisabet Søgard (11) har gjort sitt for at dei skal bli meir synlege.

Emojis-rundballar

Om du har køyrd riksveg 35 i Modum har du heilt sikkert lagt merke til dei smilande rundballane langs vegen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg synest det er veldig bra at me kan støtte dei. Og gje pengar til at barn kan bli friske, seier Ella mens ho gjer den siste finishen på eit smilefjes med hjarte i auga.

11-åringen tok sjølv initiativet da ho høyrde om smilefjeskampanjen til Barnekreftforeininga. Og på garden der Ella bur har ikkje rundballane berre fått smilefjes. Dei både ler, grin og har solbriller.

Ella målar rundballar

Ella tok initiativet til å måle emojis på rundballane heilt sjølv, fortel bonde Øystein Semmen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det her skal bli eit fjes som er forelska, forklarer Ella.

Blir ofte gløymd

Dei siste åra har rundballane vore rosa og blå til inntekt til høvesvis brystkreft og prostatakreft.

På garden i Modum og mange andre stader resten av landet er dei nå gule. Kampanjen samlar inn pengar til ein krefttype som ofte blir gløymd.

– Barnekreft er annleis enn kreft hos vaksne. Barnekreft har i lang tid vore nedprioritert og har ikkje fått like mykje merksemd og fokus som andre typar kreft, seier kommunikasjonsrådgjevar Anja Haug Tronrud i Barnekreftforeninga.

Smilande rundballar

Smilande rundballar til inntekt for Barnekreftforeininga.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Pengane som kjem inn i denne kampanjen skal hovudsakleg gå til forsking på barnekreft.

– Det trengs ein eigen forskning på kreft hos barn og ungdom som er tilpassa behova deira, seier Tronrud.

Seld ut all gul plast

Felleskjøpet er med på kampanjen og har produsert 10.000 rullar med gul folie. Derfor kan det kome til å ligge rundt 200.000 rundballar rundt om i landet.

– Det er eit stort engasjement rundt rundballane nå. Dei gjev glede til mange. Me har seld ut all gul plast me har på butikken, seier fungerande butikksjef på Felleskjøpet i Modum, Mari Hoffart.

Barnekreftforeininga håpar at flest mogleg finn fram målekosten som Ella.

– Fyrst og fremst er dette ein kampanje for å gje meir merksemd til barnekreft, Dette er ein kjempefin måte å seie til barn med kreft og familiane deira at ein tenkjer på dei. Det kan vere ein fin ting oppi noko vanskeleg. seier Tronrud.

Syver Olander (7)

Syver Olander frå Øvre Årdal har leukemi og må til cellegiftbehandling i Bergen ein gong i månaden.

Foto: Privat

For Syver Olander (7) i Øvre Årdal var smilefjesa på rundballane på vegen heim frå cellegiftbehandling, akkurat det.

– Eg blei glad da eg såg dei, for det betyr at dei støttar Barnekreftforeininga, seier han.

Sjuåringen har akutt leukemi og har sjølv samla inn over 50.000 kroner til kampanjen.

– Eg vil ikkje at nokon skal få kreft, så pengane skal gå til forsking.