Elg leikar sisten med hund

Dag Kristoffer Lindteigen trudde ikkje sine eigne auge da elghunden hans baud ei elgokse opp til dans like utanfor huset.

Elg og hund

Dag Kristoffer Lindteigen hadde god utsikt til «danseoppvisninga» frå elg og hund.

Foto: Dag Kristoffer Lindteigen

Til vanleg spring elgen rask til skogs om han møter hundar eller folk. Berre 30 meter utanfor huset til Dag Kristoffer Lindteigen på Kongsberg skjedde det motsette.

Elg leikar med hund

– Det var griseflaks at eg fekk det på film. Eg har ei ungbikkje, så eg sleppte han ut for å sjå kva han ville gjere da han trefte elgen. Eg var sikker på at eg elgen skulle stikke til skogs.

Elghunden var eigentleg redd for elg

Det var akkurat det elgen ikkje gjorde da hunden «Fasit» dukka opp.

– I fjor var han eigentleg ganske engsteleg da han trefte på elg i skogen. Så dette var jo ein kjempeopptur for bikkja. Nå begynner eg å tru at han kan bli ein fin jakthund, smiler eigaren som har hatt elghund i 25 år og aldri sett noko liknande.

Gang på gang yppar hunden seg på elgen som tydeleg blir irritert og jagar bikkja vekk. Likevel kjem Fasit tilbake og dei to utviklar ein slags runddans med nye forsøk i nærmare to minutt.

Unike gaupe-bilde: – Aldri høyrt at nokon har kome så nært

– Oppfattar ikkje hunden som trussel

Zoolog Petter Bøckman frå Naturhistorisk museum har sett videoen av elgen som yppar seg for bikkja. Han seier det mest naturlege er at elgen stikk av.

– Her ser det ut som om elgen ikkje let seg skremme. Bikkja er jo trent til å bjeffe for å halde på elgen til jegeren kjem nær nok til å skyte. Det verkar som om elgen tenkjer at bikkja ikkje står fram som tøff nok.

Petter Bøckman

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum i Oslo. Han seier elg i normale høve ikkje er så tøffe i trynet når dei møter bikkjer. Det mest vanelege er at elgen stikker til skogs.

Foto: Petter Sommer / NRK

– Det kan jo sjå ut som leiking og at bikkja irriterer elgen?

– Nei, dette er ikkje leik. Dette er ein situasjon der elgen oppfattar bikkja som ein provokasjon og vil ha han unna. Men dette er som sagt ein hund frå ein rase som er trent opp til å gjere akkurat det vi ser på filmen.

– Det er ein artig dans, og det er nok ikkje ofte vi får sjå noko liknande.