Hopp til innhold

Elddåp for nytt stadion

Det nye fotballanlegget AKA Arena på Hønefoss får si fyrste skikkelege gjennomkøyring under treningskampen mellom Hønefoss FK og FC Lyn fredag.

Hønefoss stadion
Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Då bør alt frå billettsystem til sanitæranlegg og kiosk fungere som det skal.

Video nsps_upload_2009_3_27_9_4_54_1800.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video

100 millionar

Stadionet ber førebels namnet AKA Arena, etter selskapet som har bygd og som eig storparten av anlegget.

100 millionar kroner har heile fotballarenaen kosta. Ein draum har endeleg vorte verkeleg for 1. divisjonslaget Hønefoss BK.

Champions League

- Anlegget er bygd etter forskriftene frå NFF og FIFA, og har eit topp moderne sikkerheitssystem, fullt på høgde med andre store stadionanlegg, seier marknadssjef i HBK, Svein Lafton.

- Det betyr at det faktisk kan spelast Champions League-kampar på Hønefoss i framtida, seier han.