Ekte folk om kunstig intelligens

Teknologifestivalen Kongsberg Agenda har samla ekspertar, bedriftar og vanlege folk i skjønn harmoni. KI er på alle sine tungar. Kva seier dei?

Cecilie Nordby Gjøstein og Jing Aurora Tvinnereim studerer samfunnssikkerheit og brukar ofte ChatGPT til å sjekke rettskriving.

Folk på Kongsberg Agenda. Jing Aurora Tvinnereim.

«Ein kan ikkje stole heilt på ChatGPT. Om du legg inn namnet ditt i eit spørsmål, kan han legge fram ein modell og påstå at du har laga han.»

Jing Aurora Tvinnereim
Folk på Kongsberg Agenda. Cecilie Nordby Gjøstein og Jing Aurora Tvinnereim.

Cecilie og Jing Aurora har lite trua på KI som eit verktøy i kjærleiken.

Jakta på den perfekte partnar går ikkje logistisk opp, trur dei.

Folk på Kongsberg Agenda. Cecilie Nordby Gjøstein.

«Eg er ikkje redd for at robotane skal ta over. Eg er meir redd for at investeringa i KI skapar ei boble i aksjemarknaden som plutseleg sprekk.»

Cecilie Nordby Gjøstein

«Eg har trua på menneskeheita og at me klarar å bruke og vidareutvikle teknologien på ein god måte.»

Britt Gabrielsen
Folk på Kongsberg Agenda. Håvard Foss Bakken, Kathrine Kofstad.

«Det er eit utruleg privilegium å berre gå rundt og hauste kunnskap.»

Håvard Foss Bakken og Kathrine Kofstad

«Det er klart at KI har kjempemange fordelar. Me må bruke det klokt, sånn at det ikkje gjer meir skade enn nytte.»

Håvard Foss Bakken

Oliver-Mathias og Håkon brukar KI-funksjonen på Snapchat når dei vil ha enkle svar.

Folk på Kongsberg Agenda

«KI er jo overalt. Det påverkar oss kor dag, også utan at me legg merke til det.»

Oliver-Mathias Kongsgård (20) og Håkon Johan Bull (21)

Katrine Alexandra Leirmo Heiberg er kommunikasjonsansvarleg i Kongsberg Innovasjon. Ho drøymer om ein KI som kan vera hushjelp.

Folk på Kongsberg Agenda. Katrine Alexandra Leirmo Heiberg.

«KI kan gjera dei kjipe oppgåvene, slik at me sjølv kan vera kreative og gjera det som er gøy og meiningsfullt.»

Katrine Alexandra Leirmo Heiberg

Erling og Eirik jobbar med IT-sikkerheit og har brukt KI i mange år.

Folk på Kongsberg Agenda

«Me brukar KI til å bekjempe kriminelle aktørar. Utan KI hadde me vore hjelpeslause.»

Eirik Vadseth

«KI er komen for å bli. Det er den einaste vegen framover.»

Erling Schackt