NRK Meny
Normal

– Situasjonen er alvorleg

Formannskapet i Nedre Eiker hadde onsdag kveld møte for å diskutere den elendige økonomien i kommunen. Ordføraren håper det var første trinn i slankekuren, men inga løysing er klar.

Arbeiderpartiets ordførerkandidat i Nedre Eiker, Bent Inge Bye

Ordførar i Nedre Eiker, Bent Inge Bye (A), seier administrasjonen no er i gang med møter med arbeidstakarorganisasjonane om innsparingar og eventuell nedbemanning.

Foto: Arbeiderpartiet

Utekontakten leggast ned, men dei to tilsette går over til barnevernet i kommunen. Lagnaden til Frelsesarmeens sitt Home Start-prosjekt for å støtte familiar blei utsett. Og kor mange tilsette som eventuelt mistar jobben i kommunen, som kanskje må kutte utgiftene med 60 millionar kroner, er ikkje avgjort.

Ordførar Bent Inge Bye (A) er likevel tilfreds med formannskapsmøtet.

– Vi var samrøystes i at kutta innan helse og omsorg må til. Vi blei einige om at vi har tillit til rådmannen og hans forslag til framdrift for å få til kostnadskutt, seier Bye.

I møte med tillitsvalde

Kommunen brukar blant anna mykje pengar på skjerma plassar for rusmisbrukarar og andre. Ifølge ordføraren kan dette koste fleire millionar kroner per brukar i året. Dette er eit tilbod kommunen kjøper eksternt. I formannskapsmøtet blei det og diskutert at kommunen har låge skatteinntekter.

– Vi er ein av kommunane med lågast skatteinntekt. Vi har berre åtti prosent av landsgjennomsnittet, men innbyggarane aksepterer ikkje åtti prosent av tenestene som andre kommunar har, seier Bye til NRK.

Administrasjonen skal no i møter kvar veke med tillitsvalde, for å diskutere bemanninga. Overtidsbruken skal ned, vikarbruk skal ned og kor mange som kan bli oppsagde – er uavklart.

– Det blir ein vanskeleg prosess, men eg trur vi allereie før året er over vil sjå at kostnadane går ned, seier Bye.

Du får høyre meir om innsparingane i Nedre Eiker kommune i "God morgon Buskerud" torsdag kl. 06–09.