Hopp til innhold

Ein million kroner for eit glas rotter

I over 20 år har den ukonvensjonelle kunstnaren Morten Viskum utfordra folk sin smak og samfunnet sine grenser for kva som er lov å gjere som kunstnar. I si nye utstilling er alt til sals. Frå heile klasserom til små glas med rottefoster i.

Olivenglass med rotter

Dette er det siste paret med olivenglas fylt av rottefoster frå det mykje omtala butikk-stuntet som er tilgjengeleg for sal. Men då må du bla opp.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Han har blitt kalla Noregs mest kontroversielle kunstnar. I 1995 skapte Morten Viskum store overskrifter då han plasserte ut rottefoster i olivenglas i 20 butikkar over heile landet. Han er og kjend for å nytte ei hand frå eit lik som pensel på måleria sine. Den kallar han "handa som aldri sluttar å male".

Publikum under Viskum-utstilling

Publikum strøymde til under Morten Viskums største utstilling.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Viskum har betalt for å få vere til stade under ei ekte avretting av eit dødsdømt menneske og blitt sterkt kritisert av religiøse for å stille ut menneskeorgan som kunstverk.

Død fugl

Spennet i Viskums kunstproduksjon er stort. Han har ei dragning mot morbid estetikk.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

I kveld opna han si eiga retrospektive utstilling på Galleri Fineart på Tjuvholmen i Oslo. Kunstnaren som har ein eigen evne til å få merksemd i media er i søkelyset igjen. Timane rett før opninga nyttar han til finpuss. Alt er til sals i utstillinga.

– Eg har gjort mykje, laga mykje og spart på mykje. Akkurat no er det dei siste prislistene og nummerering som skal på plass. Sidan tanken er at alt skal kunne kjøpast, har eg berre tatt med verk som ikkje er selt tidlegare, seier Viskum medan han flyttar på lappar.

Morten Viskum med si største utstilling

Kunstnaren som skulle bli veterinær. Sjå video frå utstillinga.

Kunstverk laga frå 1993 fram til i år står ute i eit lokale på rundt 1000 kvadratmeter. Det betyr at det er ei særs stor mengd ukonvensjonell og til tider humoristisk kunst som blir stilt ut. Store installasjonar, måleri malt med den døde handa, foto, trykk – og sjølvsagt mus på glas.

Mange verk ligg i prisklassa frå tusenlappen og oppover. Men nokre sprenger vanlege folks kunstbudsjett.

1 000 000 kroner for rotter på glas

Morten Viskum

Morten Viskum var særs nøgd med merksemda rundt utstillinga 'Absolut Viskum III'.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Det er fleire installasjonar som eg reknar som hovudverk blant det eg no stiller ut. Der er det utstoppa dyr, ei skoleklasse med 12 pultar, og dei originale olivenglasa med rotter eg sat ut i butikkane i 1995 er for første gong til sals, seier Viskum.

Akkurat dei glasa er for samlarar eller kunstelskarar med solid lommebok. Ein million kroner er prisen.

– Prisen er sett så høgt fordi dei allereie er ikon i norsk kunsthistorie. Dette er det einaste settet som er tilgjengeleg for vanlege kunstsamlarar og ikkje eigd av museum.

– Men får du selt dei?

– Ikkje no, men ein gong i framtida går dei nok ut. Ingen her har von om at dei blir kjøpt no, seier Viskum med eit flir om munnen.