Hopp til innhold

Dyretragedie i Hallingdal: Har funne 20 døde dyr på gard

Politiet, Mattilsynet og brannvesenet gjekk til felles aksjon mot ein gard i Hol i dag. Der blei det funne døde kyr, kalvar og sauer.

Det var Hallingdølen som fyrst omtalte saka.

Mattilsynet var fyrst på tilsyn på garden i går og aksjonerte i føremiddag mot garden saman med politiet og brannvesenet.

Kan vere fleire døde dyr

– Me har til nå minst funne 15 døde kyr, to kalvar og to sauer. Til saman skal det dreie seg om rundt 20 døde dyr. Men Mattilsynets folk gjer undersøkingar for å sjå om det kan vere snakk om fleire dyr som er døde, seier Astri Ham, avdelingsleiar for Nordre Buskerud, Hadeland og Valdres i Mattilsynet.

Garden skal vere relativt stor og det skal vere mange levande dyr igjen på garden. Mattilsynet gjer vidare undersøkingar for å finne ut kva slags tilstand dei er i.

Avhøyrer eigaren

Jan Koldal, seksjonsleiar for patruljeseksjonen i politiet i Hallingdal fortel at dei i dag har vore å henta ut nokre dyr frå garden som dei har tatt som bevis.

Dei blir transportert vidare til Oslo og veterinærinstituttet for nærmare undersøkingar. Dei døde dyra er sendt til obduksjon.

– Det er for tidleg å seie kva som har skjedd. Me er godt i gang med avhøyr av eigar og undersøkingar på garden. Det er fleire spor i denne saka.

I tillegg skal me ta vare på dei som er oppe i denne situasjonen på best mogleg måte, seier Koldal og opplyser at kommunalt kriseberedskap er involvert i saka.