NRK Meny
Normal

Dømt til fengsel for frimerkesvindel

Mannen fekk konvoluttar med brukte frimerke frå eit forlag, dampa dei av og selde dei på nettet som "billig porto". No er han saman med to medskuldige dømt til fengselsstraff og må betale fleire hundre tusen kroner i erstatning til Posten.

Eige frimerke til samlarmessa

Fleire tusen brukte frimerke vart selt på nettet som brukbar porto. No er to menn og ei kvinne dømt i ein av Noregs største frimerkesvindlar gjennom tidene.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Drammen Tingrett skriv i sin dom at dei slit med å finne liknande lovbrot i norsk rettspraksis. To menn i 50- og 60-åra åra, og ei kvinne i 40-åra er dømt til fengsel av ulik lengde. Hovudmannen i frimerkesvindelen er dømt til sju månaders fengselsstraff, kor han må sone tre av dei.

Dampa av og selde vidare

Mannen i 60-åra har i ei årrekkje fått brukte konvoluttar frå eit større forlag. Han forklarar sjølv at han klipte ut frimerka, la dei i vassbad til limet løyste seg og tørka dei. Deretter sorterte han frimerka i posar og la dei ut for sal på auksjonsnettstaden QXL. Prisen var 20–25 % av det nye frimerke kostar.

Der marknadsførte mannen posane med frimerke utan lim som "billig porto" og at dei "kan fint brukast til porto".

Påtalemakta kravde på vegner av Posten Norge AS rundt ein million kroner i erstatning for svindelen som har pågått over mange år. Retten dømde dei tre involverte til å betale 400 000 kroner i erstatning.