Hopp til innhold

Døde i bilbrann

Ein mann i 20-åra omkom søndag morgon i ein bilbrann på eit industriområde i Krokstadelva i Nedre Eiker. Taktiske etterforskarar er no i gang med å granske omstenda rundt dødsfallet.

Bilbrann Krokstadelva

Omstenda rundt bilbrannen søndag morgon er framleis ukjende. Ein mann i 20-åra omkom i brannen på eit industriområde i Nedre Eiker.

Foto: Joakim Fjeldli / Presse 3.0

Politiet melde at ein personbil stod i brann ved Krokstad industriområde i Nedre Eiker i 08-tida søndag morgon.

Brannkorps og ambulanse kom til staden og gav livreddande førstehjelp til ein person i bilen som stod i brann. Brannen vart sløkt raskt.

Klokka 09 bekrefta politiet i Søndre Buskerud at mannen i 20-åra omkom.

– Livet stod ikkje til å redde

Torill Sorte

Lensmann i Nedre Eiker, Torill Sorte, seier politiet etterforskar bilbrannen i Nedre Eiker søndag morgon breitt. Ein person omkom.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Det er no politiet i Nedre Eiker som koordinerer etterforskinga. Lensmann Torill Sorte seier dei ikkje vil ta stilling til om det kan ligge noko kriminelt bak bilbrannen på industriområdet utanfor Krokstadelva.

Ho fortel at mannen som omkom vart tatt ut av bilen raskt då naudetatane kom til staden, men at det ikkje var mogleg å gjenopplive personen.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka til det som har skjedd. Når vi startar etterforsking i slike saker startar vi alltid breitt og ser på alle moglege forklaringar, seier Sorte.

Døde i bilbrann

Taktiske etterforskarar er søndag ettermiddag i gang med si gransking inne på Krokstad industriområde.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Politiet seier ein førebels obduksjonsrapport kan vere klar måndag. Den omkomne er frå Nedre Eiker. Pårørande er varsla.

Det er var ein person som passerte industriområdet som oppdaga bilen som stod i full fyr, mellom klokka 07 og 08 søndag morgon, som melde brannen til naudetatane.

Bilbrann Krokstadelva