Ville du kalla dette ei «trusebluse»?

DRAMMEN (NRK): Språkrådet vil at me skal bruke ord som tjukksykkel, moro-fakta og klikkagn i staden for dei engelske orda me har fått inn i daglegtala.

Trusebluse - Body

Trusebluse meiner Språkrådet at ein «body» for babyar heller kan heite. Spørsmålet er om ikkje ordet for innarbeida i det norske språket alt.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Trusebluse? Det høyres jo ut som det er barn som har lagd det ordet, ler Rita Halvorsen.

Ho er eigar av barnebutikken Domino gut og jente i Drammen og trur Språkrådet skal få det vanskeleg med å få folk til å bruke ordet om eit av hennar mest selde plagg.

Unge brukar meir engelsk

Det er sjølvsagt ordet «body» Språkrådet har prøvd å omsetje med trusebluse. Språkrådet får forslag frå heilt vanlege språkbrukarar og fagmiljø når dei lagar lista over nye norske ord dei meiner kan ta over for engelske.

– Kanskje ikkje trusebluse er det beste forslaget, men me skal ha eit bevisst forhold til språket vårt. Me treng ikkje å ta inn engelske ord som me har gode norske ord for allereie, meiner språkdirektør Åse Wetås.

Dei ser at unge i større og større grad brukar engelske ord i språket sitt. Særleg når det gjeld teknologi. Derfor jobbar dei med stadig med å oppdatere lista og føreslå gode nye norske ord.

Wetås nemner ord som nettbrett og minnepinne som avløysarord for «tablet» og «USB-stick», som har blitt innarbeida i daglegtala. Ho vektlegg også at det ikkje er Språkrådet sjølv som finn på orda på lista.

Åse Wetås

Språkrådet ser at me brukar fleire og fleire engelske ord, spesielt innanfor teknologifeltet. Dei håpar lista med avløysarord kan vere med på å motverke trenden.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Må få media til å bruke orda

Det viktigaste for Språkrådet er at media tek i bruk dei nye orda. Som for eksempel i ei avis som Drammens Tidende. Nyheitsredaktør Espen Sandli er i utgangspunktet positiv.

– Det er ein god tradisjon at norske medium brukar gode norsk ord, der me har hatt ein uvane å bruke engelske ord. Eg synest me har eit ansvar for å gjere språket vårt best mogleg, seier Sandli.

Nyheitsredaktør Drammens Tidende

Espen Sandli vil heller sjå påverkar enn influencer i avisa si. Men tjukksykkel treng han litt meir tid på å bli van med.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Om ein journalist hos han hadde skrive eit intervju med ein bloggar og kalla ho/han for ein «influencer», ville Sandli endra det til avløysarordet påverkar.

Men nokre av andre nyaste orda er han foreløpig skeptisk til.

– Det er ein del morosame ord. Nokre av dei verkar utruleg konstruerte for oss. Eg jobbar framleis for å akseptere tjukksykkel i staden for fatbike, men kanskje det ikkje verkar så unaturleg om nokre år.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ankommer Jeløy Radio hotel på fatbike.

Da tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kom til regjeringsforhandlingane på Jeløya i 2014 skreiv avisene at han kom på fatbike. Kunne ein heller skrive tjukksykkel i 2019?

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Vanskeleg jobb

Nokon vil kanskje meine at språkdirektør Åse Wetås har ein håplaus jobb med å halde dei engelske orda unna daglegtala.

– Det er vanskeleg. Om orda blir for etablert i norsk, så er det vanskeleg å få plass eit avløysarord. Nokon gonger kan det også vere rasjonelt og fornuftig å ta inn engelske ord, seier Wetås og nemner ordet «stress» som eksempel.

– Andre gonger kan nye norske ord verke rare når me ikkje har møtt på dei, men når dei fell inn i språket og blir innarbeida verkar dei heilt naturlege.