Hopp til innhold

Dette var den einaste bommen på E18 – no er det 22

Fram til slutten av 80-talet var Kjellstadbommen i Lier den einaste på E18. Sidan har me betalt meir og meir. I 2018 vil det norske folk betale mellom 10 og 11 milliardar på over 200 bomstasjonar.

BOMPENGER

Bomstasjonen i Lier var i drift fram til 31.12.2001.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det aukar år for år, fortel avdelingsleiar i Transportøkonomisk institutt, Kjell Werner Johansen.

– I 2010 vart om lag 7,5 milliardar bompengar betalt inn. I år ser det ut til å bli mellom 10 og 11 milliardar kroner.

Auka med 2,5 milliardar

I utgangen av 2017 var det 60 prosjekt med bompengar som finansieringsmodell i Noreg og 237 forskjellige bomstasjonar rundt på norske vegar.

Kjøyr sakte aksjon i Drammen

I «køyr sakte»-aksjonen i Drammen protesterte fleire mot bompengar ved å senka farten gjennom sentrum i rushtida.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Ein stor kontrast til korleis det var å vere norsk bilist før tusenårsskiftet. På slutten av 80-talet var Kjellstadbommen i Lier den einaste på heile E18 frå Oslo til Kristiansand.

I 2001 blei den utskjelte Lierbommen som alle som skulle til Oslo via E18 måtte gjennom, endeleg stengt.

Bompenger

På bomstasjonen i Lier gjekk betalinga manuelt.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Prisen for å passere bommen i 2001 stengde var 15 kroner. Det svarar til om lag 21 kroner i dag. No er E18 heimen til 22 ulike bomstasjonar.

– Me har fleire bomstasjonar, fleire bompengeanlegg og meir utbygging av veginfrastruktur som er finansiert med bompengar, fortel Åge Jensen, avdelingsdirektør i Vegdirektoratet.

Sidan 2010 har det totale beløpet av innbetalte bompengar per år auka med om lag 2,5 milliardar.

Fleire stadar i landet protesterer folk mot bompengar og auke i bomprisar. I Drammen, Kristiansand og Fredrikstad var det bompengeaksjonar av ulike slag tidlegare i veka.

Forstår frustrasjonen

Statens vegvesen registrerte 654 millionar passeringar gjennom bomstasjonar og ferjer i 2017. Den gamle bommen i Lier registrerte over 200 millionar bilar gjennom side 26 år i drift.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) fortel at han forstår frustrasjonen til folk som protesterer mot bompengar.

– Eg forstår at det er ei toleransegrense for kor mykje bompengar me skal ha.

Han fortel at regjeringa jobbar for å få ned belastninga frå bompengar på bilistane, men møtet med motstandarane ser han ikkje på som den tøffaste oppgåva.

– Den aller vanskelegaste jobben eg har er å ha eit stort nok tempo i utbygginga av nye vegar og jernbaneprosjekt slik at vanlege folk får ei enklare kvardagsreise. Ogso skal eg forsøkja å halda kostnadane nede.