Ein kan eigentleg samanlikne det med å førebu seg til ein viktig idrettskonkurranse, meiner klinisk ernæringsfysiolog Anne Marie Skjølsvik.
Eksamen handlar også om å prestere best mogleg. Få kroppen og hjernen til å få ut det beste ein kan. Da meiner Skjølsvik det er svært viktig å ete riktig både før og under eksamensdagen.
– Hjernen utgjer berre 2 prosent av kroppsvekta, men den brukar faktisk 20 prosent av den totale energien kroppar brukar. Å ha hjernen i arbeid er ganske energikrevjande, fortel Skjølsvik.
Her er hennar fem beste tips for å prestere godt på eksamen.
1. Planlegg godt kva du skal ha med deg på eksamensdagen
– Karbohydrat er det viktigaste påfyllet for hjernen. Hjernens viktigaste drivstoff er glukose som karbohydrat er hovudkjelda til. Ein treng både raske og langsame, og det er viktig å ha med nok og variert mat, seier ernæringsfysiologen.
Ho slår eit slag for den gode, gamle matpakka.
– Grovbrød med egg, eller anna magert proteinrikt pålegg som ost eller kjøtpålegg er ein god plan. Smør ei matpakke og ta med frukt, bær og/eller nøtter som mellommåltid.
2. Vel nøtter og frukt framfor sjokolade og godteri
– Det er ikkje ein god ide å begynne med sjokolade eller godteri klokka 09 om morgon. Da blir ein litt ferdig, da er det betre å ete det den siste timen når ein treng litt ekstra energi.
Men snacks er ikkje berre fy fy.
– Det er lurt å ha med litt sukker for å få den boosten ein treng når ein har sitte lenge. Men nøtter og frukt er mykje betre som snack og bidreg til eit meir stabilt blodsukker enn sjokolade og godteri.
3. Et ein god frukost på eksamensdagen
Eit av dei beste tipsa for å stille godt førebudd er å ete ein god frukost, meiner ernæringsfysiologen som til dagleg jobbar i Tine.
– Kornblanding, knekkebrød, havregraut eller brødskiver av grovbrød er bra å ete til frukost for å stille godt førebudd.
Om ein er så nervøs at ein ikkje klarer å få i seg mat om morgonen, så prøv å få i deg noko iallfall før du går inn i lokalet.
– Ta med deg ei frukost-matpakke som du kan ete på veg til eksamen. Et noko du veit du likar og som magen er van med, seier Skjølsvik.
4. Et kvar tredje-fjerde time
Mange blir så ivrige at dei gløymer å ete undervegs i skrivinga. Det kan straffe seg.
– Et jamt og del gjerne måltida opp i mellommåltid og et litt og litt gjennom dagen. For eksempel medan du les oppgåvetekster. Et tips er å skjære opp frukt på førehand så blir det lettare å få i seg gjennom dagen.
5. Drikk nok vatn
Mange sver til energidrikkar, kaffi og brus, men ernæringsfysiologen rår til å halde seg mest mogleg til vatn.
– Vatn er den beste tørstedrikken gjennom heile dagen. Bruk det som hovudvæske, så kan ein heller fylle på med dei andre ved behov. Det er mykje sukker i energidrikkane. Om du synest vatn er litt kjipt, kan du smaksette med appelsin, sitron, lime eller agurk.