NRK Meny
Normal

Kø for å bytte julegaver

Butikkane lokkar med halv pris og romjulssalg, men det er ved byttedisken det er kø.

Den store byttedagen

Kjøpesenteret Gulskogen er eit av mange kjøpesentere som har lange byttekøer i dag.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Sigurd Telle

Sigurd Telle er ein av mange som sto i byttekø i dag.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

I Drammen er det bilkø for å komme til kjøpesenteret, kø for å parkere og kø for å bytte treningsdressen ein fekk til jul. Det er berre å smøre seg med tålmod for deg som ikkje er nøgd med årets julegaver.

– Vil ble ferdig med det

På kjøpesenteret Gulskogen har Sportsbutikken XXL og elektrokjeden Lefdal organisert byttedisk på utsida av forretningen. Her leverer ein varen og får tilgodelapp som ein tek med inn i butikken.

Køen ved byttedisken er lang.

– Eg har bytta ein genser og eit par hanskar, og no skal eg bytte ei treningsbukse fortel Sigurd Tjelle, som trivst dårleg med å ha havna bakerst i byttekøen. Tjelle ønskjer likevel å bli ”ferdig med det” i dag, og vel å halde ut den stunda det tek å komme fram til byttedisken.

(Artikkelen fortsetter under avstemningen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Butikkene er godt forberedt

Varesjef Thomas Vollsæter på XXL fortel at dei er godt førebudd på bytterushet som kjem kvart einaste år, fyrste kvardag i romjula.

– Det er i dag det store trykket er når det gjeld bytting av julegaver. Vollsæter seier dei ser an morgondagen, om dei vil halde fram med eigen disk for bytting av varer.

I leikebutikken Brio er det mange som vil bytte lego. - Me sel mykje lego før jul og då er det også mange som vil bytte. Rett og slett fordi dei har fått fleire like sett i julegave, seier dagleg leiar, Yvonne Henriksen.

– Dei aller fleste kjem midt på dagen. Før kl 12 sit folk heime og kosar seg, etter kl 15 er dei på middag, seier ho.

Noen av dei innbytta varene

Dette er berre nokon av dei innbytta varene hos XXL.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK