Hopp til innhold

Dei yngste fryktar arbeidsløyse mest

Folks frykt for å bli arbeidslause er framleis relativt stor. Det viser YS sitt store arbeidslivsbarometer for 2017. Det er først og fremst dei yngste som er usikre på om yrka dei skal jobbe i, vil gi eit trygt liv.

Lærerstudenter 2

Oda Livgård og Henriette Berget håper yrkesvalet dei har gjort vil gi eit trygt liv.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK


Oda Livgård står utanfor lokala til Høgskulen i Sørøst-Norge i Drammen. Ho er lærarstudent på fjerde året og har saman med medstudent Henriette Berget satsa på det dei håper er eit trygt yrke, som det vil vere behov for i lang tid.

– Det er ein del uvisse i Noreg i dag generelt når det gjeld yrke. Veldig mange slit med å få jobb, og med økonomien sin. Det blir høge lån etter kvart og. Slik sett er det veldig greitt med dei trygge yrka, reflekterer Livgård.

Fire av ti er ikkje heilt trygge på jobben sin

Arnfinn Korsmo

Arnfinn Korsmo i Ys-forbundet Negotia seier arbeidstakarane er mest attraktive i nokre få tiår i midten av livet. Og

Foto: Negotia

Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS) sitt store arbeidslivsbarometer for 2017, som blir lagt fram seinare i dag, viser nemleg at frykta for å velje feil yrke, eller å hamne i ein utrygg jobb er ganske stor blant dei unge. 16 prosent av unge studentar og arbeidstakarar under 30 år er usikre på om jobben er trygg for framtida, fortel Arnfinn Korsmo i Ys-forbundet Negotia.

– Vi ser at stadig fleire får ei avgrensa periode kor dei er aktivt deltakande i arbeidslivet og attraktive for arbeidsgivarane. Folk er særleg interessante for arbeidsgivarane frå dei er 35 år til dei fyller 50 år. På begge sider av den skalaen er det relativt stor utryggleik, seier Korsmo.

Han meiner frykta for jobblivet blant dei unge handlar mykje om at ungdom tek høgare, og lengre, utdanning – og kjem seinare inn i arbeidslivet enn før.

Les også: Generasjon trygghet

Digitaliseringa er krevjande

Dei som er tryggast, som fryktar minst å bli arbeidslause i eit stadig meir digitalt arbeidsliv, er dei som er midt i livet. Til dømes Stein Westbye, som er 47 år gamal og har ei høgare stilling i Husbanken.

Bankmann

Stein Westby jobbar i den statlege Husbanken. Han har aldri følt seg særleg utrygg på yrkeslivet.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK

– Eg har stort sett jobba i det offentlege, så eg har aldri følt på noko særleg utryggleik når det gjeld jobb, smiler Westbye

Men sjølv ein mann med god løn og mykje erfaring, ser at det å henge med i det digitale yrkeslivet krev sitt. Faktisk er det summert opp berre seks av ti arbeidstakarar som seier dei er heilt trygge på jobbane sine.

– Eg merkar i ein alder av 47 år at eg nokon gongar skulle ønske eg var yngre.

– Kvifor skulle du ønske det?

– Informasjonsteknologien i dag opnar mange dører, som dei som ikkje har det med seg gjennom livet blir haldt utanfor, seier Westbye.

– Læraryrket kjenst trygt

I Drammen er det einigheit mellom studentane i tjueåra og bankmannen som nærmar seg femti. Nokre yrke kjenst tryggare enn andre:

– Vi hadde ein lærar i dag som fortalde at skulane kranglar om fjerdeklasse-studentane, så vi har nok vald eit relativt trygt yrke.

Og bankmann Westbye treng ikkje enke lenge på spørsmålet om kva han ville gjort om han skulle blitt arbeidslaus i dag:

– I min alder må vel det vere noko innan skuleverket det. Trur du ikkje?