Hopp til innhold

Namna på dei omkomne etter Geilo-ulukka er gjort kjent

Identiteten til dei tre som omkom i sprengingsulykka på Geilo i førre veke er no gjort kjent av politiet.

Sprengningsulykke Geilo

Namna på dei tre omkomne etter sprengingsulukka på Geilo i førre veke er no frigitt.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Politiet i Nordre Buskerud har offentleggjort namna på dei tre personane som omkom i sprengingsulukka på Geilo onsdag 3. september.

De omkomne er:

  • Stian Engravslia Nilsen, 28 år, frå Kongsberg
  • Vytautas Matulevicius, 27 år, frå Kongsberg
  • Gideon Rydningen, 34 år, frå Skien

Politiet opplyser om at dette skjer i samråd med dei pårørande. Alle tre jobba for eit entreprenørfirma på Kongsberg.

Ulukka skjedde i samband med arbeid på ein jernbaneundergang på Bergensbanen. I tillegg til dei tre omkomne blei to menn lettare skadde i ulukka. Om lag 70 menneske blei evakuerte etter at dynamitt detonerte ved eit uhell.

Politiets helikopter lander på riksvei 7

Både Bergensbanen og riksveg 7 vart stengt etter ei av dei mest alvorlege ulukkene under vegarbeid på mange år.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Vil ta tid å finne årsaka til ulukka

Politiet seier det vil ta tid å avklare årsaka til eksplosjonen på Geilo. Etterforskningsleiar Brit Fyksen hos politiet seier det er ei omfattande etterforsking der mange skal avhøyrast. Ho seier det og er eit vanskeleg fagfelt.